Surnadal er ein kommune på Nordmøre i Møre og Romsdal fylke. Kommunen ligg på austsida av Halsafjorden og dei indre delane Trongfjorden og Stangvikfjorden. Surnadal omfattar dei austgåande armane av fjorden med dalane innanfor. Desse er Bøfjorden og Åsskardfjorden, Hamnesfjorden med Bøverdalen, Surnadalsfjorden med Surnadalen og Todalsfjorden med Todalen. I sør omfattar Surnadal dei nordaustre delane av Trollheimen.
Surnadal blei oppretta som kommune i 1837, då det lokale sjølvstyret blei innført. Frå kommunen blei Rindal skilt ut og oppretta som eigen kommune i 1858. I siste halvdel av 1800-talet hadde Surnadal fire mindre grensejusteringar mot Stangvik, tre gjaldt utvidingar (1877, 1886 og 1891) og éi gjaldt avståing av eit område (1870). I 1965 blei Surnadal slått saman med Åsskard og med sokna Stangvik og Todal frå tidlegare Stangvik kommune.
Surnadal grensar i nord til Heim i Trøndelag, i aust til Rindal, i søraust til Oppdal i Trøndelag, i sørvest til Sunndal og Tingvoll.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.