Sunnmørsalpene
Geografi
Avgrensinga er ikkje eintydig; namnet vart truleg brukt for første gong i 1882 av Emanuel Mohn i Turistforeningens Aarbog om fjella på «den store halvø som omsluttes av Voldenfjorden, Vartdalsfjorden og Storfjorden». Eigentleg dreier dette seg om to halvøyar, ein vestre mellom Voldsfjorden og Hjørundfjorden (i Volda og Ørsta kommunar), og ein austre mellom Hjørundfjorden og Sunnylvsfjorden (i Ørsta, Stranda og Fjord kommunar). Sentralt gjennom dette området går Hjørundfjorden.
Geologi
Sunnmørsalpane er, som namnet antydar, eit fjellandskap prega av alpine former, det vil seie høge, bratte fjell som mange stader gir eit landskap av dramatisk karakter, tydeleg prega av sterk iserosjon. Danninga av Sunnmørsalpane er eit resultat av særleg fire forhold: dei harde grunnfjellsbergartane som dannar berggrunnen i området, strukturen i berggrunnen skapt av faldinga i kaledonsk tid (Den kaledonske orogenese), ei stor heving av vestre del av den skandinaviske landblokka i sein tertiær tid, og ikkje minst ein kraftig iserosjon gjennom fleire istider dei siste 900 000 åra.
Fjell
Det høgaste fjellet i området er Kvitegga (1691 meter over havet) på grensa mellom Volda og Stranda, inst på halvøya mellom Hjørundfjorden og Sunnylvsfjorden. Vidare omfattar Sunnmørsalpane ei rekkje kjende og vakre fjell, blant anna Slogen (1564 meter over havet) ved Norangsfjorden i Ørsta, som blir rekna blant Noregs vakraste fjell, og Storhornet (1600 meter over havet) inst i Hjørundfjorden.
Fotturisme
Sunnmørsalpane har eit godt utbygd fotrutenett og ei rekkje turisthytter. Det svært kuperte landskapet medfører at mange stader i området er svært utsette for snø- og steinskred. I 1908 gjekk til dømes eit steinskred i Norangsdalen som la ei setergrend under vatn, og i dag er bygdene rundt Sunnylvsfjorden truga av ei enorm fjellblokk i Åkneset.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.