Sunndalsøra er ein tettstad i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 3,5 km², og har 4110 innbyggjarar (2023).
Sunndalsøra er administrasjonssenter i Sunndal kommune, og ligg ved botnen av Sunndalsfjorden.
Aluminiumsverket (Hydro Aluminium) er hjørnesteinsverksemda på Sunndalsøra, og eksporten herfrå gjer at Sundalsøra er den nest største eksporthamna i Møre og Romsdal (etter Ålesund). Tal tilsette ved verket har blitt redusert frå 2004, etter ombygging og effektivisering av verket; dette har gjort at folketalet i Sunndalsøra har stagnert.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.