Faktaboks

Innbyggjartal
2315 (SSB, 2023)
Landareal
1,9 km²
Tettstadsnummer
5078 Sunde/Valen

Sunde/Valen er ein tettstad i Kvinnherad kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,9 km², og har 2315 innbyggjarar (2023).

Sunde/Valen er ein tettstad som ligg sørvest på Folgefonnhalvøya og lengst nord i Høylandssundet som skil Halsnøya frå Folgefonnhalvøya. Sunde har vore definert som tettstad heilt sidan 1910, då tettstaden hadde 766 innbyggjarar, men det var ikkje før sist på 1990-talet at tettstaden Sunde hadde vokst saman med det tettbygde området rundt sjukehuset på Valen i aust og vart definert som tettstaden Sunde/Valen. Folketalet var 1742 i 2000 og var i 2023 auka til 2315 innbyggjarar.

Sunde var tidlegare prega av industri som skipsbygging og hermetikkproduksjon og var dessutan eit viktig kommunikasjonsknutepunkt og handelssenter. Fra sist på 1900-tallet vart det meste av industrien lagt ned, og med omlegging av veisystem og kommunikasjonar vart også rolla til tettstaden som kommunikasjons- og handelssenter redusert.

Det utvikla seg eit tettbygd område i Valen i kjølvatnet av etableringa av Valen psykiatriske sjukehus, som stod ferdig i 1910. Sjukehuset var då det største psykiatriske sjukehuset på Vestlandet utanfor Bergen. Det høyrer i dag til Helse Fonna HF, som sorterer under Helse Vest RHF.

Les meir i Store norske leksikon