Sunde er ei tettgrend i Kvinnherad kommune, Vestland fylke. Sunde ligg ytst på Folgefonnhalvøya og er ein del av tettstaden Sunde/Valen.
Sunde har lange båtbyggingstradisjonar, det same gjeld hermetikkproduksjon (vesentleg brisling), som begge hadde særleg vekst mot slutten av 1800-talet og i første halvdel av 1900-talet. Parallelt med dette utvikla Sunde seg etter kvart som kommunikasjonsknutepunkt med mellom anna poståpneri, rikstelefonstasjon og fast dampskipssamband med Bergen og Stavanger. Seinare følgde lokalbåtruter og utbygginga av eit vegnett der Sunde ikkje minst spelte ei viktig rolle som overgangsstad mellom veg- og ferjetransport.
Verksemda i nøkkelindustriane i Sunde tok stort sett slutt på 1980-talet, og rolla til staden som kommunikasjonssenter blei etter kvart redusert ved omlegginga av vegsystema i området, ikkje minst ved nye tunnelsamband.
I dag er alle bilferjene frå og til Sunde nedlagt, og ferjeleiet her (Opsangerneset) blir berre brukt til hurtigbåtruta på strekninga Sunnhordland–Austevoll–Bergen og til opplag for ferjer.
Det blir drive ein del fiskeoppdrett i Sunde, og det er òg fiskeslakteri her. Frå 1936 til 2001 blei Sundepølsa produsert her; i dag skjer produksjonen i Rosendal.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.