Den viktigaste næringa etter offentleg administrasjon og tenesteyting er industrien, som står for 20 prosent av arbeidsplassane i kommunen — 30 prosent inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon (2016). Etter sysselsetjinga er den viktigaste industribransjen verkstadindustrien (52 prosent av dei sysselsette i industrien i 2015), særleg maskininstallasjon og -reparasjon og bygging av skip og boreplattformer. Andre viktige bransjar er næringsmiddel- (fiskeforedling) og tekstilindustri med høvesvis 32 og fem prosent av industrisysselsetjinga. Industrien finn ein i dei fleste delar av den samanhengande tettgrenda på nordsida av Sula.
Elles har Sula ein forholdsvis stor del av arbeidsplassane i varehandel, overnattings- og serveringsverksemd, nærare bestemt 19 prosent i 2016, mot 15 prosent i heile fylket. Bak den høge prosentdelen ligg mellom anna eit stort og variert turisttilbod med eit omfattande nett av turstiar, frilufts- og idrettspark, ridesenter med meir.
Sula har lite vasskraftproduksjon. Dei to vasskraftverka i kommunen produserer til saman 0,67 gigawattimer i året (gjennomsnitt 1993-2020). Det største kraftverket er Nøringset (i drift fra 2004), som står for om lag to tredjedeler av vasskraftproduksjonen.
Ein stor del av dei yrkesaktive som er busette kommunen, har arbeid utanfor kommunen. I 2016 gjaldt dette 56 prosent, dei aller fleste i Ålesund (42 prosent) og resten av sunnmørskommunane (seks prosent).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.