I 1887 kom Johan B. Foss til Stjørdal for å overta redigeringa av den første avisa på staden, Stjørdalens Tidende (etablert i 1877). Foss kom opphavleg frå Meldal og var boktrykkjar med bakgrunn i avis- og trykkjeribransjen i Bodø, Mosjøen og Tromsø.
Eigarane av avisa blei etter kvart misnøgde med Foss sine radikale politiske haldningar. Etter fire år følte Foss at tida var inne for å bryte med Stjørdalens Tidende, og han starta Stjørdalens Blad, som skulle bli «et uafhængigt Venstreblad og arbeide for Demokratiets Fremgang i Stat og Kommune». Johan B. Foss var i 70-årsalderen då han blei utgivar for den nye avisa. Sonen Johan Foss var redaktør frå starten i 1892 til 1920. Truleg delte han redaktørstillinga ei tid med faren, som levde til 1901.
Stjørdalens Blad heldt fram med å vere venstreavis også etter at «Bladet» fekk nye eigarar i 1920. John A. Schefte tok då over, og han starta også ein bokhandel. Utbreiinga av avisa var den gongen geografisk større enn i dei seinare åra. Schefte var redaktør i Stjørdalens Blad i 37 år. Han hadde mellom anna grunnlagt avisa Innherred i Steinkjer og seinare vore redaktør av Inntrøndelagen i same byen, før han kom til Stjørdal.
I 1921 gjekk Schefte over frå to til tre utgåver i veka, noko som styrka avisa si stilling i distriktet. Seinare kom bladet igjen berre to gonger i veka, til ut i 1960-åra. Asbjørn Schefte, som byrja i redaksjonen i 1930-åra, var redaktør i 25 år frå 1945, i 12 av åra saman med faren. I 1942 stansa okkupasjonsmakta avisa på grunn av papirmangel, men redaktøren sin frie penn var truleg òg ein grunn.
Folketalet auka, og det bidrog til vekst i opplaget og meir annonsering. Konkurransen var likevel hard, og Steinkjer- og Trondheims-avisene fekk alle etter kvart kontor i Stjørdal, i tillegg til lokalavisene Stjørdalingen og Stjørdalens Blad.
Stjørdalingen var først ute av dei to med å bli trykt i offsetrotasjon, som gav høve til større sidetal. I 1975 kom også «Bladet» i offset, og sidetalet auka frå fire sider i storformat til 16 sider i tabloid, og etter kvart fleire. Bladet voks, og fekk eit forsprang i høve til Stjørdalingen. Endringa skjedde i samband med at Schefte-familien selde Stjørdalens Blad til AS Trønderpresse, som også eigde Arbeider-Avisa i Trondheim.
I 1988 blei Stjørdalens Blad skilt ut som eige aksjeselskap direkte under A-pressa og dekkjer i dag Stjørdal og Meråker. I 2015 blei Stjørdalens Blad kjøpt av Adresseavisen Gruppen og blei dermed ein del av Polaris-konsernet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.