Faktaboks

Skjálfandafljót
Uttale
skiˈaolfandafljout
Etymologi

av skjálfa, 'skjelve' og fljót, 'elv'

Lengde
178 km
Nedbørfelt
3860 km2
Kjelde
Vatnajökull
Munning
Skjálfandi

Skjálfandafljót er ei elv på det nordlege Island.

Skjálfandafljót opptar smeltevatn frå Vatnajökulls nordvestside, men får også mye tilsig av kjeldevatn frå lavadekket Ódáðahraun.

I Bárðardalur dannar elva fleire vakre vassfall, blant desse Aldeyjarfoss, Hrafnabjargafoss og Goðafoss. Ho renn ut i havbukta Skjálfandi ved Húsavík på nordkysten. Elva er populær til rafting og er ei god aure- og lakseelv.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg