Sigurd Fjær var ein teolog og prest. Han var domprost i Nidaros frå 1946 til 1959, kjend for eit ope kristensyn og eit sterkt kulturengasjement.
Sigurd Fjær studerte teologi ved Universitetet i Oslo og tok teologisk embetseksamen i 1920.
Han var stiftskapellan i Hamar bispedøme, sidan sokneprest i Tingvoll i tolv år frå 1925. Han vart residerande kapellan i Nidaros domkyrkje i 1937, og var domprost og sokneprest same staden frå 1946 til han døydde.
Som stiftskapellan hadde han tenestefri for å studere religionspsykologi ved Harvard University, USA. Han las mykje og hadde truleg ei av dei største private boksamlingane i landet, med fleire tusen band, mest religionsfilosofi og religionspsykologi. Boksamlinga finst no i Gunneriusbiblioteket i Trondheim. Sigurd Fjær var ein kunnskapsrik teolog med vidfemnande faglege interesser. Ved sida av prestegjerninga førelas han i religion ved Norges Lærerhøgskole i Trondheim.
Fjær var sterkt oppteken av å fremje det kristne kulturlivet. Dei siste åra arbeidde han med planar for ein «St. Olav-stiftelse» i Trondheim. Tufta på Olavstradisjonen skulle dette vere eit organ for nærmare kontakt mellom kyrkja og kulturen. I 1958 vart St. Olav-stiftelsen skipa, med Fjær som formann.
Som student var han med i Bibelnemndi til Studentmållaget, som gav ut den første fullstendige Bibelen på nynorsk. Han skreiv artiklar i fleire tidsskrift, mellom anna i Syn og Segn om religionspsykologiske emne. Sigurd Fjær vart utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1958.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.