Faktaboks

Seyðisfjörður
Uttale
sˈei-
Innbyggjartal
650 (2024)
Seyðisfjörður
Av /KF-arkiv ※.

Seyðisfjörður er ein by på austkysten av Island, i Múlaþing kommune, inst i den 15 kilometer lange Seyðisfjörður.

Næringslivet baserer seg på handel, fiske og fiskeforedling. Seyðisfjörður har ferjesamband med Hirtshals i Danmark og TórshavnFærøyene.

Ved innseilinga til Seyðisfjörður stikk neset Dalatangi ut, 266 meter over havet. Frå fyret på Dalatangi er det storslått utsikt over Loðmundarfjörður og Seyðisfjörður og heilt til fjellet Glettingur.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg