Seljordsvatnet er ein innsjø i Seljord kommune i Telemark. Innsjøen ligg 116 meter over havet og har eit areal på 16,7 km2. Vatnet er 14 km langt og er 1,8 km på det breiaste. Største målte djup er 145 meter.
Vatnet har avløp gjennom Bøelva til innsjøen Norsjø. Det viktigaste tilløpet er Flatdalsåi/Valleråi i nordenden.
Riksveg 36 (Eidanger–Seljord) følgjer nordsida av vatnet. I nordvestre enden ligg Seljord sentrum, og her passerer E134 (Drammen–Haugesund). I søraustre enden av vatnet ligg grenda Kasin; elles er det heller sparsam busetnad langs strendene.
Ifølge lokal tradisjon skal det finnast ein sjøorm i vatnet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.