Schibsted ASA er eit internasjonalt mediekonsern med røter tilbake til 1839 og hovudkontor i Oslo. Konsernet hadde inntil sommaren 2024 ei omfattande verksemd innan aviser, trykking og annonseformidling og var inntil 2022 Noregs største medieselskap når ein reknar ut frå talet på aviser og totalopplag, då Amedia gjekk forbi. Det er eit av Nordens leiande medieselskap etter omsetning. I 2024 vart avisutgjevinga skilt ut som eige selskap (Schibsted Media).
Schibsted eigde mellom anna fire av Noregs ti største aviser: Verdens Gang (VG), Aftenposten, Bergens Tidende og Stavanger Aftenblad. Schibsted var dessutan største eigar av Adresseavisen og Fædrelandsvennen gjennom eigarskapen sin i Polaris Media. I tillegg eigde konsernet fleire mindre lokalaviser. Schibsted var og betydeleg eigar i nyheitsbyråa Norsk Telegrambyrå (NTB) og Tidningarnas Nyhetsbyrån (TT).
Annonseformidling på nett er eit hovudsatsingsområde for konsernet. I Skandinavia driv dei portalane Finn.no, Blocket.se og Tori.fi. Internasjonalt har dei ei rekkje portalar eigde gjennom selskapet Adevinta, som er verdsleiande innan denne marknaden. Schibsted eigde inntil hausten 2023 28,1 prosent av Adevinta, men vedtok å selja 60 prosent av aksjeposten for 24 milliardar kroner som i all hovedsak skulle betalast som utbyte til aksjonærane i Schibsted.
Investeringsselskapet Schibsted vekst driv finansiell rådgjeving på nett og famnar om fleire underselskap som mellom anna Prisjakt.no (teneste for prissamanlikning). Lendo er eit anna heileigd Schibsted-selskap som til dømes gir råd om lån og lånevilkår.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.