Sølnkletten er eit fjellparti i Alvdal Vestfjell i Alvdal kommune i Nord-Østerdal. Høgaste toppar er Storsølnkletten, 1827 meter over havet, og Veslsølnkletten, 1454 meter over havet. Toppane hevar seg høgt og fritt over fjelldalane omkring, men utan spisse tindar eller stup.
Sølnkletten er som Rondane lenger vest bygd opp av omdanna sandstein (sparagmitt) frå seinprekambrium.
Den private turisthytta Breisjøseter er eit utgangspunkt for fotturar over Storsølnkletten.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.