Runde er ei øy i Herøy kommune i Møre og Romsdal. Runde er den mest nordvestlege av Sørøyane sørvest for Ålesund. Runde er 6,2 km2 med drøyt 100 innbyggjarar (2015).
Runde
Natur
Øya er naken og har små knausar, med høgder opp til 332 meter over havet (Varden). Det er fiskevær på austsida av øya. Det går bru over Rundesundet til Remøya med vidare samband til resten av øyane i kommunen og til Gurskøy og Hareidlandet.
Fuglar
Rundabranden i vest med høgaste punkt 294 meter over havet er Noregs sørlegaste, store fuglefjell med eit eineståande fugleliv. Det finst tre fuglefredingsområde på Runde, og cirka 100 km2 av havområdet rundt og dessutan Grasøyane i aust er freda. Over 240 artar er observerte på Runde. Det er merkte ruter for turistar og tilvisingsskilt til veleigna utkikksplassar. Det er ferdsleforbod utanom rutene i fuglefredingsområda. Myrområdet inne på øya er eit botanisk naturminne.
Historie
Utanfor kysten av Runde vart det 1972 funne eit nederlandsk fartøy som gjekk ned i 1725 (sjå Rundefunnet).
Etymologi
Namnet kjem av norrønt (H)rund, som kan ha samanheng med verbet (h)rinda, som betyr 'skyte fram'.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.