Romeo og Julie er eit skodespel skrive av William Shakespeare på 1590-talet. Det er ein kjærleikstragedie om to unge elskande som ikkje kan få kvarandre. Stykket er eit av dei mest populære skodespela til Shakespeare og eit av dei mest kjende og oftast framførte verka i verdslitteraturen. Det har vore laga fleire filmar og musikkverk med utgangspunkt i Romeo og Julie, noko som har bidrege til den sterke posisjonen skodespelet har i kulturen.
Romeo og Julie
Handling
Romeo og Julie handlar om to stridande familiar i byen Verona i Italia, Montague og Capulet. Tenåringen Romeo, som er son av leiaren for Montague-slekta, snik seg inn på ein fest arrangert av Capuletane og blir der forelska ved første blikk i dottera i familien, Julie, som i sin tur blir forelska i han. Ikkje berre er familiane fiendar, men Julie er trulova med grev Paris. Romeo og Julie møtest difor i det skjulte og giftar seg etter kvart i eit hemmeleg bryllaup.
Diverre fører konflikten mellom familiane Romeo ut i eksil. Lawrence, munken som vigde dei to, foreslår at Julie kan ta ein medisin for å spele død og på den måten sleppe å gifte seg med Paris. Romeo, som er isolert i nabobyen Mantova, kjenner ikkje til denne planen, og til slutt døyr både Romeo, som tek sitt eige liv fordi han trur Julie er død, og Julie, når ho ser kva Romeo har gjort.
Etter at det har blitt klart kva som har skjedd, blir dei to familiane forlikte, og gjennom det tragiske utfallet blir det til slutt fred i Verona.
Struktur og tema i stykket
Romeo og Julie er eit av dei klaraste eksempla på sjangerblanding hjå Shakespeare. Stykket byrjar og held lenge fram som ein typisk Shakespeare-komedie, der dei elskande må bruke vitet for å overvinne hindringar og haldningar som trugar med å skilje dei. Og som i ein Shakespeare-komedie blir dei altså gifte. Men alt frå prologen, ein sonett som blir framført av «koret» (ei slags dramatisk forteljarstemme), er det klart for publikum og lesaren at dette ikkje vil ende godt. Som det står i Halldis Moren Vesaas’ omsetjing:
Om deira elskhug, dømd frå fødslen av,
om fedrars hat, som først fekk sløkt sin eld,
den dag dei unge lagdes i si grav,
skal vi fortelje med vårt spel i kveld.
Vi skjønnar dermed at dette er ein tragedie, og at den skal handle like mykje om eit samfunn i strid som om dei to elskande.
Til liks med mange Shakespeare-stykke har Romeo og Julie handling lagt til Italia. Og som elles hos Shakespeare er denne handlinga dramatisert, men ikkje oppfunnen av Shakespeare. Han nytta eit dikt av den engelske poeten Arthur Brooke, The Tragicall Historye of Romeus and Juliet (1562), som kjelde, men det er fleire ledd bakover i tid: Brooke sitt dikt var basert på ei fransk omsetjing av ei italiensk forteljing skriven av Matteo Bandello, og denne var igjen basert på ein type forteljing som var populær i antikken og gjennom mellomalderen.
Brooke sitt dikt handlar i hovudsak om kor ufornuftige og hastige dei to unge elskande er, og også i Shakespeare går dei veldig fort fram, frå første møte til giftarmål i løpet av nokre få dagar. I tillegg er dei begge veldig unge; Julie er berre tretten år (eit ulukkestal). Hjå Shakespeare er det likevel lite eksplisitt fordømming av dei to. I staden blir stykket ofte sett som ei feiring av den store kjærleiken, og kjærleikens triumf over hatet, sjølv om ein stor pris blir kravd av hovudpersonane.
Den sentrale posisjonen til kjærleiken blir framheva av ordleiken i stykket. Sidan stykket er halvveges ein komedie, er det særskilt rikt på vitsar og til dels ganske grove ordspel. I tillegg flettar det inn sonettar, til dømes når Romeo og Julie kyssar kvarandre første gongen (i akt 1, scene 5), og mange andre poetiske former og verkemiddel.
Stemninga endrar seg frå lett og lystig til mørk og tragisk når konflikten mellom familiane eskalerer. Romeo sin ven og allierte i Montague-klanen, Mercutio, blir drepen av den hissige Capulet-soldaten Tybalt. Når Romeo så drep Tybalt, blir han bannlyst av fyrsten av Verona, som er lei av striden mellom desse to familiane.
Etter dette blir det fleire dødsfall. Når Romeo høyrer at Julie har døydd (og ikkje veit at ho berre er bedøvd), hastar han til krypten der ho ligg, og hamnar i eit basketak med Paris i mørkret, slik at han også blir drepen. Og når han ser Julie, tar Romeo altså sitt eige liv. Julie vaknar etter ei lita stund, og når ho oppdagar den avlidne Romeo, tek også ho sitt eige liv.
Attpåtil døyr også mora til Julie av påkjenningane, men dei to patriarkane for familiane bestemmer seg likevel for å slutte fred i lys av tragedien. Overordna sett handlar altså stykket om korleis kjærleiken kan reparere eit splitta samfunn, men også korleis dette gjerne ikkje skjer før det er for seint for mange av dei involverte.
Sceneversjonar, filmversjonar og musikk
Romeo og Julie blir stadig sett opp på scener over heile verda. Det har og vore laga fleire kjende filmar og musikkverk med utgangspunkt i Shakespeares stykke.
Musikkverk
Romeo og Julie er eit skodespel som er spesielt assosiert med musikk. Vincenzo Bellini, Pjotr Tsjajkovskij og Sergej Prokofjev (blant fleire andre) har skrive orkesterstykke, operaer og ballettar baserte på Shakespeares versjon av historia.
Eit utvalg:
- operaen Roméo et Juliette med musikk av Charles Gounod og tekst av Jules Barbier og Michel Carré (1867)
- ein dramatisk symfoni med same namn av Hector Berlioz (1839)
- ein ballett av Sergej Prokofjev med tittelen Romeo og Julie (1936)
- ein ouverture av Pjotr Tsjajkovskij med same tittel (1870)
- ein orkesterfantasi av Johan Svendsen med same tittel (1876)
- Romeo og Julie-motivet er også nytta i Leonard Bernsteins musikal West Side Story (1957).
Film
Tre filmadaptasjonar utmerkar seg som spesielt viktige og har både reflektert og hatt innverknad på ungdomskulturen i sine respektive tiår. Alle dei tre filmane hadde populære lydspor.
West Side Story var først ein scenemusikal i 1957, før den blei filmatisert i 1961. Som tittelen indikerer, er den ganske laust basert på Romeo og Julie, med handling lagt til New York og med rivaliserande gjengar – Jets (kvite amerikanarar) og Sharks (puertoricanske innvandrarar) – i staden for ein veronesisk familiefeide som sentralt handlingselement.
Nokre år seinare blei Franco Zeffirellis filmversjon (1968) ein stor kinosuksess, også for eit ungt publikum. Zeffirelli-filmen, med handling frå renessanse-Italia, har eit klassisk inspirert lydspor med piano, fiolin og så vidare. Hovudrollene blei spelt av Leonard Whiting og Olivia Hussey.
I Baz Lurhmanns Romeo + Juliet frå 1996 er det Claire Danes og Leonardo Dicaprio som har hovudrollene. Luhrmanns versjon finn stad i eit fiktivt, samtidig USA, noko som blir reflektert i filmmusikken, som er ei blanding av house, indierock og pop.
Andre filmadapsjonar:
- Romeo og Julie, regissert av George Cukor med Norma Shearer og Leslie Howard i hovudrollene (1936)
- Les Amants de Verone, norsk tittel De elskende i Verona, regissert av André Cayattes (1948)
- Romeo og Julie, regissert av Renato Castellani, med Laurence Harvey og Susan Shentall i hovudrollene (1954)
- Sergej Prokofjevs ballett som sovjetisk ballettfilm med Galina Ulanova og Juri Sjdanov i hovudrollene (1954)
- den satiriske Romanoff and Juliet, regissert av Peter Ustinov (1961)
- Sergej Prokofjevs ballett, britisk ballettfilm med Margot Fonteyn og Rudolf Nurejev (1966)
- West Side Story, regissert av Steven Spielberg (2021)
Teksten og omsetjingar
Vi veit ikkje nøyaktig når Shakespeare skreiv Romeo og Julie, men stykket blei framført i 1596–1597 og kom i trykt utgåve i 1597. Den første kvarteutgåva er ganske ulik kvarteutgåva frå 1599 og folioutgåva frå 1623. Redaktørar brukar gjerne element frå alle tre for å konstruere ein ideell tekst.
Romeo og Julie har vore omsett til bokmål og nynorsk. Viktige omsetjingar er
- Henrik Rytter (1934)
- Haldis Moren Vesaas (1964)
- André Bjerke (1970)
- Edvard Hoem (1985)
- Øyvind Berg (2024)
Romeo og Julie som motiv i kunsten
Billedkunst
År | Kunstnar | Verknamn | Verktype |
---|---|---|---|
1824 | Eugène Delacroix | Les Adieux de Roméo et Juliette | maleri (privat eie) |
Litteratur
År | Kunstnar | Verknamn | Sjanger |
---|---|---|---|
1524 | Luigi da Porto | Historia novella | fortelling |
1554 | Matteo Bandello | Giulietta e Romeo | fortelling |
1562 | Arthur Brooke | Romeus and Juliet | dikt |
1595 | William Shakespeare | Romeo and Juliet | skuespill |
1602 | Lope de Vega | Castelvines y Monteses | skuespill |
1640 | Francisco de Rojas Zorrilla | Los bandos de Verona | skuespill |
1700-tallet | anonym | Romio und Julietta | skuespill |
1856 | Gottfried Keller | Romeo und Julia auf dem Dorfe | fortelling |
1928 | Jean Cocteau | Roméo et Juliette | skuespill |
1946 | Jean Anouilh | Roméo et Jeanette | skuespill |
1958 | Jan Otčenášek | Romeo, Julie og mørket | roman |
Musikk
År | Kunstner | Verknamn | Verktype |
---|---|---|---|
1776 | Georg Benda | Romeo und Julie | syngespel |
1811 | Claus Nielsen Schall | Romeo og Giulietta | ballett |
1830 | Vincenzo Bellini | I Capuleti e i Montecchi | opera |
1839 | Hector Berlioz | Roméo et Juliette | dramatisk symfoni |
1867 | Charles Gounod | Roméo et Juliette | opera |
1869 | Pjotr Tsjajkovskij | Romeo og Julie | orkesterfantasi |
1876 | Johan Svendsen | Romeo og Julie | orkesterfantasi |
1901 | Frederick Delius | A Village Romeo and Juliet | opera |
1926 | Constant Lambert | Romeo and Juliet | ballett |
1936 | Sergej Prokofjev | Romeo og Julie | ballett |
1939 | Heinrich Sutermeister | Romeo und Julia | opera |
1940 | Boris Blacher | Romeo und Julia | kammeropera |
1951 | Sverre Jordan | Romeo og Julie | scenemusikk |
1957 | Leonard Bernstein | West Side Story | musikal |
Les meir i Store norske leksikon
Eksterne lenker
Litteratur
- Geoffrey Bullough, Narrative and Dramatic Sources of Shakespeare. Vol.1. Routledge, 1964.
- Emma Smith. This is Shakespeare. Pelican, 2019.
- René Weis (red.), Romeo and Juliet, av William Shakespeare. Methuen-Arden, 2012.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.