Faktaboks

Reyðarfjörður

tidlegare Búðareyri

Land

Island

Reyðarfjörður
Reyðarfjörður
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Reyðarfjörður er ein fjord og eit fiskevær på austkysten av Island, i Fjarðabyggð kommune. Fjorden er 35 kilometer lang.

Inst i fjorden ligg fiskeværet og handelsplassen Reyðarfjörður som tidlegare heitte Búðareyri, med 1370 innbyggarar i 2024. Her hadde norske silde- og torskefiskarar ein stor landstasjon på slutten av 1800-talet, og staden var ein viktig alliert flybase under andre verdskrigen, der 330-skvadronen var plassert i åra 1941 til 1943.

Reyðarfjörður er ein av dei største tettstadene på Aust-Island, og som dei fleste andre tettstadene på øya er fiske, handel og turisme Reyðarfjörðurs viktigaste næringar. I tillegg har staden eit aluminiumsverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg