Raudeberg er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,7 km², og har 559 innbyggjarar (2023).
Raudeberg ligg ved Ulvesundet på nordre del av øya Vågsøy. Her er fiskehamn med klippfisktilverking og verkstadindustri. Nordaust for tettstaden ligg Nord-Vågsøy kyrkje.
Namnet Raudeberg kjem i frå mineralet olivin, som blir raudt når det oksiderer. Raudt berg finst ovafor bygda.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.