Ragnhild er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ragn-hildr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘råd, avgjerd’ og etterleddet ‘strid’.
Ragnhild (kvinnenamn)
Personar med namnet Ragnhild
Kulturell bruk
- Ragnhild i «Kongs-Emnerne» (1863) av Henrik Ibsen.
- Ragnhild-trilogien (1929–1933) av Olav Duun.
Kjende personar med namnet Ragnhild
Eit utval personar med namnet Ragnhild, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Thekla Resvoll (1871)
- Ragnhild Jølsen (1875)
- Ragnhild Hvalstad (1875)
- Ragnhild Magerøy (1920)
- Ragnhild (norsk prinsesse) (1930)
- Ragnhild Sælthun Fjørtoft (1947)
- Ragnhild Noer (1959)
- Ragnhild Amundsen (1960)
- Ragnhild Hemsing (1988)
- Ragnhild Mowinckel (1992)
- Ragnhild Eriksdatter
- Ragnhild Tregagås
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Ragnhild er blant dei namna som vart populære under den nordiske namnerenessansen (jamfør dronning Ragnhild på 800-talet). Til liks med andre namn som høyrer til namnerenessansen, fekk det eit sterkt oppsving i siste halvdel av 1800-talet. Namnet fekk den fyrste toppen 1905–1909, og deretter gjekk det til liks med andre renessansenamn nedover, men på grunn av kongeleg fødsel (prinsesse Ragnhild 1930) fekk namnet eit sterkt oppsving i 1930-åra. Det same skjedde med renessansenamna Astrid og Harald på 1930-talet (kongelege fødslar).
Geografisk variasjon på 1800-talet

Ragnhild var mest brukt i Kristiania. Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Ragnhild fyrst innpass i byen.
Ragnhild var mest brukt i Kristiania. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ragnild.) Til liks med andre namn som kan knytast til den nordiske namnerenessansen, fekk Ragnhild fyrst innpass i byen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.