Peter Hansson Hognestad var ein norsk teolog og biskop som særleg er kjend for arbeidet sitt for nynorsk.
Hognestad vart cand.theol. i 1891. Han var stiftskapellan i Oslo stift med særleg ansvar for bygdeungdommen i hovudstaden og for å halde gudstenester på nynorsk. I 1908 vart han lærar i gammaltestamentleg teologi på det nyskipa Menighetsfakultetet. Frå 1916 var han biskop i Bjørgvin bispedømme.
Hognestad vart tidleg med i målreisingsarbeidet og tok del i arbeidet for fredssaka, fråhaldssaka og den økumeniske rørsla.
Han omsette delar av Det gamle testamente til nynorsk og var hovudredaktør av den nynorske bibelomsetjinga (1921). I 1908 gav han ut den nynorske utgåva av tekstbok for Den norske kyrkja, og var med i komiteen som arbeidde ut Alterboken av 1920. Han samarbeidde med Anders Hovden og Bernt Støylen om Nynorsk salmebok (1925).
Hognestad gav ut mellom anna Det gamle testamentet og bibelsoga (1912), Kristendom og folkeliv (1913), Profeten Daniel (1918) og Kyrkja er mor (1925).
Kommentarar (2)
skreiv Marte Storegjerde
svarte Hallgeir Elstad
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.