Otto Sinding var ein norsk målar og forfattar. Han søkte mot dei store emna, mot det storslåtte og pompøse. Seint i livet fekk han eit professorat ved Kunstakademiet i München.
Sinding var med på å grunnleggje Kobberstikk- og håndtegningssamlingen i Kristiania i 1877 og var engasjert i kunstpolitiske spørsmål. Han var representert ved utstillingar i Noreg og utlandet, og han var ansvarleg for den norske kunstavdelinga på verdsutstillinga i Chicago i 1893.
Han fekk fleire prisar og vart kjøpt inn av museum i Skandinavia, München og Venezia. Historiemåleriet Slaget ved Svolder (1883–1884) er i Det kongelege slott sitt eige. Sinding vart riddar av 1. klasse av St. Olavs orden i 1891 og æresmedlem av Kunstakademiet i München i 1895.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.