Faktaboks

Etymologi

etter garden Os, der sideelva Vangrøfta munnar ut i Glomma

Administrasjonssenter
Os
Fylke
Innlandet (frå 01.01.2020, tidlegare Hedmark)
Innbyggjartal
1 891 (2024)
Landareal
1 007 km²
Høgaste fjell
Nordre Sålekinna (1595 moh.)
Innbyggjarnamn
osing
Målform
nøytral
Kommunenummer
3430 (frå 01.01.2020, tidlegare 0441)

Kommunevåpen

Kart: Os kommune i Innlandet
Os kommune i Innlandet fylke.
Kart: Os kommune i Innlandet
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Os er ein kommune i Innlandet fylke, øvst i Nord-Østerdal. Os vart skilt ut frå Tolga som eigen kommune i 1925, var på ny saman med Tolga som del av kommunen Tolga-Os i perioden 1965 til 1976, og er frå 1977 igjen eigen kommune.

Os er ein langstrekt kommune på tvers av Glåmas dalføre. Frå tettstaden Os strekker kommunen seg 30 kilometer mot nordvest til Midtre Gauldal og Holtålen kommunar i Trøndelag. Dalsbygda, Vangrøftdalen og Tjurudalen ligg i denne delen. Mot søraust går Os langs Nøras dalføre til Femunden og Engerdal kommune. På denne strekninga ligg grendene Narjordet, Narbuvoll og Tufsingdalen, sistnemnde har avløp til Femunden. I nordaust går grensa til Røros og Trøndelag fylke. Traktene omkring Forollsjøen på fylkesgrensa har avløp til Orkla.

Natur

Arealfordeling 2023
Arealfordeling 2023
Lisens: CC BY SA 3.0

Naturen har store variasjonar, frå det karrige og særprega morenelandskapet i austre delar av kommunen til dei frodige og kalkhaldige seterdalane i nordvest. Berggrunnen er for det meste omdanna kambrosiluriske bergartar (fyllitt), som gir rolege terrengformer. Det høgaste punktet er Håmmålsfjellet (på grensa til Tolga) litt sør for Glåma (1543 meter over havet) og lengst sør, Sålekinna (1595 meter over havet), som er danna av overskyvd sparagmitt. I dalsidene ligg nokre stader store mengder lausmasse (kvabb) som vart avsett under avslutninga av siste istid.

Elva Tufsingas delta i Femunden er eit særleg viktig våtmarksområde, verna etter Vårmarkskonvensjonen. Lengst i nord når Forollhogna nasjonalpark inn i kommunen. Vanggrøftdalen og Kjurrudalen er verna som landskapsvernområde. I alt er 30 prosent av kommunens areal verna etter naturmangfoldlova.

Befolkning og busetjing

Folketal

1951 2165
1952 2200
1953 2200
1954 2181
1955 2163
1956 2132
1957 2138
1958 2128
1959 2122
1960 2083
1961 2051
1962 2067
1963 2081
1964 2058
1965 2050
1966 0
1967 0
1968 0
1969 0
1970 0
1971 0
1972 0
1973 0
1974 0
1975 0
1976 1859
1977 1882
1978 1934
1979 1953
1980 1986
1981 2029
1982 2062
1983 2114
1984 2096
1985 2091
1986 2071
1987 2027
1988 2017
1989 2034
1990 2029
1991 2032
1992 2054
1993 2036
1994 2045
1995 2035
1996 2031
1997 2059
1998 2073
1999 2081
2000 2148
2001 2172
2002 2147
2003 2134
2004 2131
2005 2087
2006 2075
2007 2063
2008 2047
2009 2046
2010 2033
2011 2045
2012 2040
2013 2035
2014 2013
2015 1991
2016 1956
2017 1963
2018 1936
2019 1912
2020 1891
2021 1870
2022 1855
2023 1844
2024 1891
Kilde: Statistisk sentralbyrå

Det meste av busetjinga finst langs Glåma rundt Os tettstad og i Vangrøftdalen. Strekninga frå Glåma til Femunden, som utgjer rundt halvparten av kommunearealet, har berre 13 prosent av folketalet. I tiårsperioden 2015–2024 har folketalet minka med 5,0 prosent, som er den største nedgangen i Nord-Østerdal. I 2024 var 18 prosent av befolkningen under 20 år (22 prosent for hele landet) og 26 prosent 65 år og eldre (landsgjennomsnitt 19 prosent).

Det er éin tettstad i kommunen (ifylgje Statistisk sentralbyrås definisjon): Os med 659 innbyggjarar (2023). 35 prosent av innbyggjarane i kommunen bur her. Tettstaden er 1,0 km².

Næringsliv

Arbeidsplassar i Os (2023)
Av /SSB.
Lisens: CC BY 2.0

Os er ein landbruks- og industrikommune. I 2021 var 11,3 prosent av dei yrkesaktive sysselsette i primærnæringane og 14,2 prosent i industrien (mot høvesvis 2,3 og 7,6 prosent for landet samla sett). I jordbruket er storfe- og sauehald dei viktigaste driftsformene. Kommunen har den minste skogavverkinga i fylket. Industrien er allsidig.

Os har relativt beskjeden vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Røstefoss (i drift fra 1913), med ein årleg produksjon på 17,6 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020). Kraftverket er eigd av Ren Røros Strøm.

I 2023 hadde Os ei netto utpendling på 250 personar, svarande til ein firedel av dei sysselsette. Dei fleste pendlar til Røros og Tynset.

Samferdsel

Rørosbanen og fylkesveg 30 følgjer Glåma gjennom Os. I tillegg er det gjennomgangstrafikk på fylkesveg 28 gjennom Tufsingdalen og langs Nøra, ein del av den såkalla Kopparleden mellom Røros og Falun i Sverige.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Os høyrer til Innlandet politidistrikt, Østre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Kommunen er med i Fjellregionen regionråd saman med Alvdal, Folldal, Rendalen, Røros, Tolga og Tynset.

Os kommune svarer til dei tre sokna Dalsbygda, Narbuvoll og Os i Nord-Østerdal prosti (Hamar bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Os til Nordre Østerdalen fogderi (futedømme) i Hedemarkens amt.

Delområde og grunnkrinsar i Os

For statistiske føremål er Os kommune (per 2016) delt inn i eitt delområde med til saman 11 grunnkrinsar: Vangen, Breen, Moseng, Oslia, Østvangen, Nøra, Os, Bakos, Narjordet, Øvre Tufsingdal og Nedre Tufsingdal.

Historikk og kultur

I Os ligg kunstsenteret Hagenjordet og dessutan Os museum med Oddentunet, eit godt bevart gardstun med hovudbygning dekorert i 1820-åra. Det er skitrekk i Håmmålsfjellet og eit godt utbygd skiløypenett. Nørdalen natur- og kultursti vart kåra til årets friluftslivsområde i Noreg i Naturvernåret 1995. Os kyrkje er ei krosskyrkje i tre, bygd i 1862.

Kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1993) har tre bjøller i gull, to over ei, mot ein grøn bakgrunn. Motivet viser til tradisjonelle næringsvegar, særleg den tradisjonsrike osbjølla, som blir produsert ved husdyrmerkefabrikken Os ID.

Kart

Kart over Os kommune
Kart over Os kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Gjermundsen, Jon Ola: Bygdebok for Os: bygda og folket, 1999–2001, 3 bind.
  • Grue, Thoralf: Os i Østerdalene, 1943. Les boka på nb.no
  • Midtdal, John & Magne Kvilvang: Narbuvoll, Holden og Kvilvang: gårder og slekter, 2001
  • Midtdal, John: Tufsingdalen: gårder og slekter, 1991. Les boka
  • Spangen, Amund: Øst på dalom : langs en gammal ferdselsvei i Os, 1996. Les boka

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg