Olav Sande var lærar og folkeminne- og folkemusikksamlar.
Olav Sande
Faktaboks
Olav Øysteinson Sande
- Fødd
- 28. juni 1850, Sande i Høyanger kommune, Vestland
- Død
- 23. august 1927, Bergen
Målsak
På Stord vart Sande engasjert i målsaka. Til liks med fleire bondefødde lærarar i samtida var han aktiv i fråhaldsarbeid, folkevæpningslag, frilynt ungdomsarbeid og venstrepolitikk. På søndagar utan gudsteneste heldt han møte med andakt i skulestova, og om vintrane arrangerte han ofte kveldsskule for ungdom.
Forfattar
Då Vestmannalaget i 1880 lyste ut ein konkurranse om den beste bibelsoga på landsmål, var Sande ein av dei som sende inn manuskript, utan å vinne. Seinare fekk han nyss om at lærarane i juryen hadde tykt best om hans utkast, og han forkorta og forbetra manuskriptet i samråd med mellom andre Matias Skard og Elias Blix. Boka kom ut på Samlaget og vart godkjend til skulebruk i 1895.
Heilt frå dei første læraråra skreiv Sande mykje i fleire aviser og tidsskrift, og i 1889 gav han ut forteljinga Innestengt.
Innsamling av folkeminne og folketonar
Sande samla folkeminne og gav ut to band med segner frå Sogn. Frå tidleg i 1890-åra samla han folketonar, og frå 1899 fekk han statsstøtte til dette arbeidet. I dei fem tonesamlingane hans finn vi i tillegg til tradisjonsstoff også ein god del eigne komposisjonar. Mellom kjende tonar av Sande er «Himmelske Fader» og «Det stig av hav eit alveland».
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Halse, Per (2011): Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål. Trondheim: Tapir Akademisk Forlag
- Lindstøl, Tallak (1914): Stortinget og statsraadet. 1814–1914, bd. 1, del 2. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri
- Lothe, Anders A. (1950): Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø: Firda lærarlag
- Nasjonalbiblioteket, Brevsamling nr. 514 (Matias Skard)
- Sørestrand, Martinus (1920): «Olav Sande 70 aar», Ung-Norig, nr. 6/3, juni 1920
- Aas, Sverre (1998): Olav Sande. Eit liv i ord og tonar 1850–1927. Leikanger: Kulturkontora i Leikanger og Høyanger / Systrond sogelag
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.