Olav Fjose var sokneprest og prost i Bjørgvin bispedøme. Han var ein av sju norske prestar som vart ordinert i Sverige under andre verdskrig.
Olav Fjose tok lærareksamen i 1938 og byrja deretter å studere teologi ved Menighetsfakultetet i Oslo. I 1940 gifta han seg med Bergfrid Fjose. Då krigen kom, engasjerte han seg i motstandsarbeidet. I 1943 måtte han flykte til Sverige, der han slutta seg til dei norske polititroppane. I 8. bataljon var han kombinert maskingeværskyttar og feltprest.
Han fullførte teologisk embetseksamen ved Uppsala Universitet hausten 1943 og var ein av tre nordmenn som tok norsk praktisk-teologisk eksamen i Uppsala våren 1944. I november vart han ordinert i Strängnes domkyrkje til prest for dei norske polititroppane – med løyve frå den norske London-regjeringa.
Etter krigen var Fjose styrar for Ungdomsheimen Kvamskogen. I 1952 vart han kapellan på Voss, deretter sokneprest i Årdal. Frå 1966 til han pensjonerte seg i 1979 var han sokneprest i Fana ved Bergen og prost i Midhordland. Då han vart pensjonist, busette han seg på Voss.
Som prest var Olav Fjose oppteken også av dei som stod i utkanten av kyrkja. Mellom anna engasjerte han seg i arbeidet til Menighetsinstituttet, som freista å kome i samtale med arbeidarrørsla og industrien.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.