Nynorsk salmebok
Nynorsk salmebok
Av .
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Nynorsk salmebok var ei salmebok frå 1925 utarbeidd av sokneprest Anders Hovden og biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad. Ho vart mykje brukt i nynorsk-områda gjennom seksti år. Boka hadde 711 salmar på nynorsk og eit tillegg med 200 salmar på bokmål.

Reformasjonen på 1500-talet førte med seg dansk som språk i gudstenester, i skulen og som bibelspråk i Danmark og Noreg. Gjennom det meste av 1800-talet var det framleis danske salmebøker som vart nytta her i landet. Men etter kvart arbeidde fleire for fornorsking også av det religiøse språket, og frå rundt 1900 vart det skrive mange salmar på landsmål (skriftnorma som frå 1920-åra heiter nynorsk).

Den fremste pioneren for salmedikting på norsk landsmål var Elias Blix. I 1892 vart ei samling med 150 av salmane hans (87 originale og 63 omsette) offentleg godkjende for gudstenestebruk som tillegg til tidlegare godkjende salmebøker. Særleg i åra etter 1905 vart Blix-salmane tekne i bruk mange stader.

Då det rundt 1920 ikkje vart semje om ei sams salmebok med tekster på både bokmål og nynorsk, tok Det Norske Samlaget initiativ til ei eiga nynorsk-salmebok. Nemnda med Hognestad, Hovden og Støylen gjorde arbeidet mellom andre oppgåver frå 1921 til 1925.

Mange forfattarar frå fleire land og frå ulike tider vart representerte, men utgjevarane Anders Hovden og Bernt Støylen stod i lag med Elias Blix for nesten seks hundre av dei vel sju hundre salmane. Av Hovden er det 128 eigne og 81 omsette, av Støylen 62 eigne og 139 omsette, og av Blix 110 originale og 75 omsette.

Nynorsk salmebok fekk godkjenning som gudstenestebok i desember 1925, og i 1927 kom andreutgåva med nokre mindre rettingar og eit tillegg på 200 salmar frå Landstads gamle (1869) og reviderte (1920/1926) salmebok.

Allereie etter eit par år var den nynorske salmeboka innført i cirka 15 prosent av kyrkjesokna. Det auka til ein fjerdedel rundt 1940 og vidare til ein knapp tredel i etterkrigstida. Sidan 1985 er både Nynorsk salmebok og Landstads reviderte avløyste av Norsk salmebok (1985 og 2013).

Bakgrunnen

Møte i salmeboknemnda i 1925. Bernt Støylen, Anders Hovden og Peter Hognestad.

/Olga Støylen Runde: Bernt Støylen. Ein biografi, Samlaget 2008.

Etter offentleg godkjenning i 1892 kunne ein og annan salme på landsmål av Elias Blix syngast lovleg i norske gudstenester. Men mellom prestane var mange skeptiske, og i fyrste omgang vart desse salmane meir brukte i heimar, ungdomslag og i skular enn i kyrkjene.

Fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland» vart særleg populær i samband med unionsoppløysinga, og i åra etter 1905 vart Blix-salmane innførte som supplement i fleire og fleire sokn. Den vanlege salmeboka (Landstads Kirkesalmebog) hadde etter kvart med «Blix-tillegget» bak i boka.

Frå 1892 var 150 salmar av Blix offentleg godkjende. Salmar har ofte innhald som passar til dei ulike søndagane og helgedagane i kyrkjeåret. Med dei 150 Blix-salmane var nesten heile kyrkjeåret dekt. Dermed var dei eit viktig steg på vegen til ei full salmebok på landsmål. Fleire nye salmar som Blix skreiv ut gjennom 1890-åra kom i samlinga Salmar og songar i 1900.

På den tida kom det også mange nye salmar og åndelege songar på nynorsk frå diktarar som Matias Skard, Matias Orheim, Johannes Barstad og Anders Hovden. Interesserte målfolk oppmoda Bernt Støylen om å setje saman ei salmebok på landsmål, men i fyrste omgang måtte dei nøye seg med hans Songbok for sundagsskule og uppbyggjingsmøte (1906) med 261 salmar og songar i fyrste utgåva.

Då stiftsprost Gustav Jensen tok på seg å revidere Landstads salmebok, høyrde det med til oppdraget å byte ut ein god del lite brukte salmar med nyare stoff – inkludert salmar av andre nynorskforfattarar enn Blix. Etter at Jensens utkast var vurdert og justert av ein komité, vart det godkjent i statsråd hausten 1920. Av i alt 900 salmar var der cirka 200 på nynorsk.

Målrørsla hadde styrkt seg, og mange vart skuffa over at revisjonen av Landstad ikkje fekk med meir på nynorsk. Dermed tok Det Norske Samlaget initiativ til ei eiga salmebok.

Arbeidet

Vinteren 1921 vart det gjort avtale med sokneprest Anders Hovden og biskopane Bernt Støylen og Peter Hognestad om å lage utkast til ei nynorsk salmebok. Dei tre gjorde mykje kvar for seg, men sende så utkast, spørsmål og merknader til kvarandre. Nokre gonger kom dei saman over fleire dagar, og dei arbeidsmøta var som regel i bispegarden i Kristiansand.

Biskop Støylen var leiar, og dottera Else gjorde mykje sekretærarbeid. Nemnda gjekk gjennom eit stort materiale – både frå prenta samlingar, frå avisutklipp og handskrivne ark eller hefte som vart sende inn for vurdering.

For å få ei fullverdig salmebok måtte dei finne tekster som heldt mål til alle søndagar og helgedagar i kyrkjeåret så vel som til dei ulike kyrkjelege handlingane. Der det mangla ein salme på nynorsk fann dei ein å omsetje, eller dei skreiv ein ny. Då Hovden vart beden om å setje om ein salme av Gustav Jensen til vigsle av kyrkjegardar, svara han: «Nei, det er lettare aa skriva ein ny, og vonleg betre». Dei andre fann at Hovdens tekst vart svært bra, og den nye salmen kom i Nynorsk salmebok som nr. 582.

Gjennom dei fire åra nemnda arbeidde gjekk dei kritisk gjennom ei stor mengde av både eldre og nyare salmar. Mange vart vraka, og andre vart endra og flikka på i fleire omgangar. Tidleg i 1925 var manuskriptet klart med vel sju hundre salmar på nynorsk.

Innhaldet

Frå venstre: Peter Hognestad, Bernt Støylen og Anders Hovden.
/J.K. Engeset: Anders Hovden. Diktarprest og folketalar, Samlaget 2002.

Dei to jamgamle sunnmørske «diktar-prestane» Anders Hovden og Bernt Støylen hadde forma godt over halvparten av salmane i den nye boka (Hovden flest eigne og Støylen flest omsette). Peter Hognestad meinte at dei to utfylte kvarandre: «Hovden den fossande elvi og Støylen den stille straumen». Sjølv var han ikkje diktar, men han var ein lærd teolog med fin språkkjensle, og han var flink med redigering og korrekturlesing. I Nynorsk salmebok har Hognestad åtte omsetjingar, og nokre av dei vert framleis mykje brukte (til dømes «Leid, milde ljos» og «Fager kveldsol smiler»).

Ved sida av dei mange tekstene av Blix, Hovden og Støylen fekk cirka 25 nynorske diktarar plass i boka med ein eller nokre få nye salmar kvar. I samsvar med lang kyrkjeleg tradisjon er dei fleste omsette salmane frå dansk (160) og tysk (93). Men Nynorsk salmebok representerte også ei fornying gjennom omsetjingar frå svensk (26), islandsk (16) og engelsk (14). I tillegg hadde Støylen dikta om tre latinske kyrkjekvad frå norsk mellomalder som kom med i boka.

Samanlikna med eldre salmebøker fekk den nynorske med meir om misjon, born og unge, sjøfolk og kvardagsliv: «[…] det skal vera ljos og kraft i kvardagslivet i vaart arbeid og strev, heime i stova og ute paa garden, i skog og mark, paa land og paa sjø» (Støylen 1926).

Mottakinga

Nynorsk salmebok vart møtt med både ris og ros. Mange som hadde sett fram til ei samlande salmebok kjende seg overrumpla og svikne. Men målfolket gledde seg. Forleggaren Lunde i Bergen var effektiv, og dei fyrste eksemplara var til sals frå sommaren 1925. Attåt meldingar i aviser og tidsskrift vart det sendt inn støttefråsegner og oppmodingar om at boka måtte få godkjenning til kyrkjebruk.

Utgjevarane var snare med å søkje om offentleg godkjenning, for det nærma seg eit stortingsval som kunne føre til ei ny regjering med mindre sans for nynorske tiltak. Kyrkjestatsråden Ivar Tveiten oppnemnde ei vurderingsnemnd med professor Oluf Kolsrud, sokneprest Leonhard Næss og lærarskulestyrar Håkon Wergeland.

Dei fekk god hjelp av fleire register og statistiske oversyn utarbeidde av Støylen, og etter tre vekers arbeid leverte dei ei rosande innstilling som konkluderte med at Nynorsk salmebok var eit fullverdig alternativ som kyrkjesalmebok. Med støtte i den sakkunnige vurderinga vart boka autorisert i statsråd 18. desember 1925. Deretter var det opp til dei lokale kyrkjelydane om dei ville ta henne i bruk – anten åleine eller som tillegg til ei anna godkjend salmebok.

Hausten 1926 vart det vedteke at Nynorsk salmebok skulle få eit tillegg med 200 salmar på bokmål, og det kom med i boka frå 1927. I tiåra framover vart boka innført i fleire og fleire kyrkjelydar, og ho vart også ei kjær bruksbok i mange skular og heimar.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Aschim, Anders (2008). Ein betre vår ein gong. Elias Blix. Oslo: Samlaget.
  • Blom Svendsen, H. (1955). Norsk salmesang. Revisjon av Landstad og Nynorsk Salmebok. Oslo: Norvegia Sacra.
  • Engeset, Jens Kåre (2002). Anders Hovden. Diktarprest og folketalar. Oslo: Samlaget.
  • Grepstad, Ottar (2005). Nynorsk faktabok 2005. Hovdebygda: Nynorsk kultursentrum.
  • Halse, Per (2011). Gudsord og folkespråk. Då nynorsk vart kyrkjemål. Trondheim: Tapir.
  • Halse, Per (2016). Peter Hognestad. Språkstrid og heilag fred. Oslo: Samlaget.
  • Hognestad, Peter (1925). Nynorsk salmebok. Gula Tidend 3.3.1925.
  • Holter, Stig Wenø (2022). Kom, tilbe med fryd. Innføring i liturgikk og hymnologi. Bergen: Eide.
  • Runde, Olga Støylen (2008). Bernt Støylen. Ein biografi. Oslo: Samlaget.
  • Rynning, P.E. (1954). Salmediktingi i Noreg. II: Tidi etter 1814. Oslo: Samlaget.
  • Støylen, Bernt (1926). Utgreiding um Nynorsk Salmebok. Bergen: Lunde.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg