Frå 2003 førte ein global overproduksjon av avispapir til ein generell ubalanse i bransjen og økonomiske problem for Norske Skog. Konsernet varsla difor store kostnadskutt og nedbemanningar, og i 2004 gjekk Reinås av som konsernsjef og vart etterfylgd av Jan Oksum (konsernsjef til 2006). I 2005 kjøpte Norske Skog seg likevel opp til eineeigar i PanAsia (ca. 4 milliardar kroner).
I 2006 vart Union i Skien nedlagt. Same år selde Norske Skog òg sin eigardel (erverva gjennom FCP-kjøpet i 2000) i det kanadiske selskapet Catalyst Paper, den tredje største trykkpapirprodusenten i Nord-Amerika. Produksjonskapasiteten vart òg redusert ved fabrikkane i Australia og Sør-Korea. I 2006 vart dessutan dei siste delane av treindustrien i Forestia selde, mellom anna ein sponplatefabrikk i Våler. Norske Skog selde seg i 2006 òg ut av selskapet Nordic Paper, som Norske Skog og M. Peterson & Søn hadde danna fem år tidlegare med fabrikkar for produksjon av feittalltid papir i Geithus, Greåker og Sverige. Same år tiltrådde Christian Rynning-Tønnesen som ny konsernsjef, ei stilling han hadde ut året 2009.
I 2007 vart det vedteke å redusere meir av den europeiske produksjonskapasiteten sin av avispapir, mellom anna på fabrikkane Skogn og Follum. Same år auka Norske Skog sin eigardel til 40 % i Industrikraft Midt-Noreg og bygde eit gasskraftverk i Skogn (Biokraft AS).
I 2008 vart avispapirfabrikken i Štětí i Tsjekkia (erverva i 1997) seld, det same vart to avispapirfabrikkar i Sør-Korea, og ei papirmaskin ved Follum vart stansa. Fleire eigedomar vart selde, mellom anna Oxenøen ved Lysaker, der selskapet heldt fram med ein leigeavtale for hovudkontoret sitt. I 2009 selde Norske Skog òg produksjonsverksemda si i Kina. Av det opphavlege PanAsia var då berre verksemda i Thailand tilbake.
Saman med fire skogeigarorganisasjonar starta Norske Skog i 2008 selskapet Xynergo, som skulle framstille store mengder biodiesel av trevirke ved Follum, men selskapet vart avvikla i 2010.
I desember 2011 vart det så vedteke å nedleggje avispairfabrikken Follum Fabrikker vinteren 2012. Parenco-fabrikken i Nederland vart seld same år. I 2016 er verksemda avgrensa til produksjon av magasinpapir ved Saugbrugs i Halden og avispapirverksemd i Skogn. Den globale verksemda avgrensar seg til anlegg i Frankrike og Austerrike, og dessutan noko verksemd i Oseania og eit deleid anlegg i Malaysia.
Utover på 2000-talet vart det tydelegare at Norske Skog hadde store gjeldsproblem. Ved utgangen av 2016 hadde selskapet ei netto renteberande gjeld på 8,5 milliardar kroner, og i april 2017 gjekk det så langt at det vurderte å søkje konkursvern.
Konsernsjef Sven Ombudstvedt, som tok over etter Christan Rynning-Tønnesen i 2009, sa opp omgåande 7. mai 2017.
20. desember 2017 melde Norske Skog oppbod i Oslo byfutembete, med ei gjeld på 9,2 milliardar kroner. Det vart vedteke at papirfabrikkane, mellom dei Saugbrugs, vart auksjonerte bort. I mai 2018 vart selskapet kjøpt av investeringsselskapet Oceanwood.
I oktober 2019 selde Norske Skog papirfabrikken i Albury, Australia, til den australske emballasjegruppa Visy. Same månad vart selskapet notert på Oslo Børs med ein eigenkapitalverdi på 3,14 milliardar kroner.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.