Neri Valen var ein norsk politikar frå Venstre (V). Han hadde mange tillitsverv i bondeorganisasjonar og i landbrukssektoren, og han var parlamentarisk leiar for Venstre på Stortinget.
Neri Valen
Faktaboks
- Fødd
- 26. september 1893, Bø
- Død
- 4. januar 1954, Oslo
- Verke
- Gardbrukar og politikar
- Familie
-
Foreldre: Lensmann Halvor Helleksson Valen (1849–1911) og Anne Næresdotter Ramse (1861–1944).
Gift 20.11.1919 med Ingebjørg Torsdotter Vaa (7.5.1893–16.9.1981), dotter til bonde Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Kristoffersdotter Roholdt (1866–1947).

Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Bakgrunn
Valen tok examen artium i Skien i 1912, vart landbrukskandidat i 1915 og skogbrukskandidat frå Noregs Landbrukshøgskule i 1917. I Ås vart han vald til formann tre gonger i Elevforeningen (seinare Studentsamfunnet i Ås). Hausten 1917 studerte han sosialøkonomi ved universitetet i Kristiania, men braut av og var rasjoneringsinspektør i Telemark fram til hausten 1919. Vinteren 1919–1920 var han på ei studiereise til USA, der han mellom anna studerte sosialøkonomi og landbruksfag ved University of Wisconsin, Madison.
Politikar
I 1919 tok han over farsgarden i Bø og kom samstundes med i lokalpolitikken. Han sat i heradstyret frå 1920 til 1931, som ordførar i 1923–1926 og som varaordførar i 1926–1931. Han var leiar i Bø Venstre i 1919–1945 og 1946–50, varaformann i Telemark Venstre frå 1921, og seinare formann og medlem av Venstres landsstyre i 1930–1945.
Valen var stortingsrepresentant for Venstre frå Telemark i 1931–1945 og 1950–1954, parlamentarisk leiar for Venstre i 1935–1945 og 1951–1954. På Stortinget var det stor strid om krisetiltaka i landbruket tidleg i 1930-åra, og aktivistorganisasjonar som Bygdefolkets Krisehjelp, som hadde uvanleg sterk støtte i Bø, gjekk til direkte aksjonar mot dei mange tvangsauksjonane.
Valen hadde sine eigne meiningar om landbrukspolitikken, som ikkje alltid fall saman med partilina, men som var meir i tråd med dei som Bondepartiet stod for. Han og det ein har kalla «Valen-fraksjonen» var heller ikkje heilt einig i at Venstre skulle involvere seg i eit einsidig borgarleg samarbeid med brodd mot Arbeidarpartiet.
Okkupasjonen
Valen vart visepresident i Odelstinget i 1939 og såleis medlem av det presidentskapet som sumaren 1940 måtte forhandle med okkupasjonsmakta om eit riksråd. Presidentskapet og eit redusert Storting, som òg vart kalla inn, vart sterkt pressa av den tyske overmakta til å gå med på dei tyske krava, mellom anna at Elverumsfullmakta skulle trekkast tilbake, slik at Nygaardsvoldregjeringa vart avsett. Presidentskapet gjekk jamvel inn for at kongen burde vurdere å abdisere. Desse forhandlingane vart til slutt brotne.
Seinare i krigen og i dei første etterkrigsåra var det ei massiv fordøming av presidentskapet og Stortinget for deira ettergivande rolle under riksrådstingingane. Det viser Valens posisjon og tillit i Venstre at han trass i dette vart vald til parlamentarisk leiar i partiet då det gamle Stortinget kom saman att 1945. Valen vart sjølv arrestert av tyskarane og sat på Grini og seinare i Berg interneringsleir frå 24. november 1943 til 8. mai 1945.
Etter andre verdskrigen sa han frå seg attval til Stortinget i 1945, men vart nominert og kom inn att i 1949. Frå 1951 og til han døydde i 1954, var han igjen Venstres parlamentariske leiar.
I parken framfor heradshuset i Bø står ein statue av svogeren Dyre Vaa.
Anna engasjement
Valen hadde ei rekkje tillitsverv i landbrukstilknytta organisasjonar, mellom anna formann i Telemark Landbruksselskap i 1919–1941 og 1945–1947, formann i Kornrådet i 1929–1941 og 1945–1954, formann i Landslaget for Telemarksfe i 1921–1954, ordførar i representantskapet i Telemark Mjølkesentral i 1930–1954, og formann i Landslaget for Storfeavl 1948–1954. Han møtte i representantskapet i Selskapet for Norges Vel frå 1919 og sat i direksjonen i 1945–1954. Etter krigen vart han vald som første formann i Norges landbruksvitenskapelige forskningsråd.
Valen engasjerte seg sterkt for å gi landsungdom høveleg utdanning i eit lokalmiljø som tok omsyn til nynorsk språk, bygdekultur og næringslivet utanom dei store bysentra. Frå Telemark språk- og realskule i Bø voks Telemark landsgymnas fram i 1949, med Valen som styreleiar og seinare formann i forstandarskapet.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Norske landbrukskandidaters årbok, 1938
- O. Nerheim: Årbok for Telemark, 1956
- J. Nerbøvik: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 17, 1975
- O. Grepstad og d.s. (red.): Venstres hundre år, 1984
- S. Henneseid: Bøsoga, bd. 4, 1986
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.