Maria Parr er ein norsk barnebokforfattar. Parr har fått ei rekkje norske og utanlandske prisar for bøkene sine, og ho er omsett til over tretti språk og gitt ut i meir enn trettifem land. Ho har vunne Brageprisen tre gongar, for Tonje Glimmerdal i 2009, Keeperen og havet i 2017 og Oskar og eg i 2023.
Maria Parr
Faktaboks
- Fødd
- 18. januar 1981, Fiskå i Vanylven, Møre og Romsdal
Bakgrunn
Parr er fødd og oppvaksen i Fiskå i Vanylven på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Ho er utdanna lektor med ei mastergrad i nordisk frå Universitetet i Bergen. Når ho ikke skriv, jobbar ho som lærar i vidaregåande skule.
Forfattarskap
Bøkene til Parr foregår i eit sunnmørsk fjordlandskap i oversiktlege, små samfunn. Hovudpersonane lever nært på vestlandsnaturen og bruker den aktivt i leiken sin. Barneperspektivet fargar forteljarstemma. Det er kvardagen som blir fortald, men med eit undrande, nysgjerrig blikk og gjennom eit energisk, leikent og nyskapande språk. Strukturen er som oftast episodisk, slik at kvart kapittel fortel si eiga vesle historie, samtidig som bøkene tematiserer vennskap og familierelasjonar i den gjennomgåande handlinga.
Parr har elles gitt ut historier, noveller og kåseri i ulike antologiar og tidsskrift. Ho er dessutan ein aktiv turnéforfattar og har sjølv lese inn bøkene sine på lydbok.
Alle bøkene til Parr, med unntak av den første, er illustrerte av Åshild Irgens.
Vaffelhjarte
Parr debuterte med barneboka Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde i 2005, illustrert av Bo Gaustad. Den forsiktige niåringen Trille er forteljaren i denne boka, og han ønskjer intenst at den beintøffe Lena skal seie at ho er bestevennen hans. Dei to er dei einaste niåringane i kystbygda Knert-Mathilde, og venninna er ei oppkomme av morosame leikar og rampestrekar som ho dreg den beundrande naboguten med på. Etter kvart viser det seg at Trille er viktigare for Lena enn ho liker å innrømme.
Tonje Glimmerdal
Tonje Glimmerdal (2009) vart raskt ein bestseljar. Her er forteljarstemma allvitande, og teksten bevegar seg inn og ut av perspektivet til den tiårige Tonje. Til liks med Lena i Vaffelhjarte er ho ein villstyring, men Tonje har ingen andre barn å trekkje med seg i leiken.
Glimmerdalen er berre folkesett av ein samansett forsamling vaksne og enkelte campinggjestar. Den gamle einstøingen Gunnvald er derfor Tonjes beste venn, og han legg til rette for alskens påfunn. Relasjonen deira blir testa når Gunnvalds hemmelege dotter dukkar opp og Tonje samtidig blir kjend med eit par bygutar. Konfliktane løyser seg ikkje av seg sjølv, men Tonje er sta og insisterer på at alle skal bli venner, og ho er vand til å få det som ho vil.
Keeperen og havet
Keeperen og havet (2017) er ein frittståande oppfølgjar til Vaffelhjarte. Dei to vennene har vorte tolv år og dei to hovudtema i boka er om jenter kan spele fotball, og korleis vennskapen mellom Lena og Trille blir sett på prøve i overgangen til puberteten. Trille vil gjerne bli kjend med den nye jenta i klassen, Birgitte, men merkar at han forsømmer både Lena og bestefaren.
Storebror
Storebror frå 2019 er del av Samlaget sin lettlestserie Leseland, og kan reiknast som ei mellombok. Boka er meir reinskore og mindre sprudlande enn dei andre bøkene hennar, men barneperspektivet og relasjonstematikken er lett å kjenne att.
Oskar og eg
Med Oskar og eg (2023) vidareførte Parr søskenomsorgs-tematikken frå Storebror. Storesøster Ida (8) leikar i lag med Oskar (5), og små kvardagshendingar er hovudsaka i boka. Ei viktig sidehistorie er at onkelen Øyvind døyr, og at ektemannen hans blir trøysta av Ida og familien hennar.
Teater og film
Vaffelhjarte vart spelt inn som TV-serie og sendt på NRK hausten 2011, med regi og manus av Atle Knudsen.
I 2013 stod Ivar Tindberg for manus og regi på teateroppsetjinga av Tonje Glimmerdal på Det Norske Teatret.
Vaffelhjarte hadde teaterpremiere på Den Nationale Scene i 2014. Jesper Halle dramatiserte og Cecilie Askeland Mosli hadde regi.
Keeperen og havet vart sett opp på Det Norske Teatret i 2022. Kjersti Horn dramatiserte boka, og hadde regi på oppsettinga.
Utmerkingar
Det store gjennombrotet for Parr kom med Tonje Glimmerdal i 2009, men allereie med Vaffelhjarte i 2005 vann ho prisar. Boka gav henne først Nynorsk barnelitteraturpris i utgjevingsåret, og den nederlandske barnebokprisen Zilveren Griffel i 2008. I 2009 fekk ho Ole Vig-prisen for begge bokutgjevingar.
For Tonje Glimmerdal fekk ho dessutan Brageprisen, Kritikarprisen, Kulturdepartementets litteraturpris, Teskjekjerringprisen og Nynorsk barnelitteraturpris i 2009. Året etter vart utgjevinga premiert med Guro Sandsdalens litteraturpris, Melsomprisen og Die Zeits pris for årets beste barnebok i Tyskland.
I 2017 fekk ho både Brageprisen og Nynorsk barnelitteraturpris for Keeperen og havet.
I 2023 fekk Maria Parr Brageprisen for Oskar og eg, og samme år vart illustratør Åshild Irgens nominert til Kulturdepartementets illustrasjonspris for bilda i boka.
I tillegg har Parr motteke pengar frå Sokneprest Alfred Andersson-Ryssts fond i 2006, Rasmus Løland-stipendet i 2010 og Sigmund Skard-stipendet i 2013. Ho vart kåra til Årets nynorskbrukar i 2010 og fekk både Kulturprisen frå heimplassen Vanylven og Diktartavla i 2011. I 2018 vart ho heidersmedlem i Samlaget og fekk Skolebibliotekarforeningens litteraturpris og Sultprisen.
Utgjevingar
- Oskar og eg (2023, illustrert av Åshild Irgens)
- Storebror (2019, illustrert av Åshild Irgens)
- Keeperen og havet (2017, illustrert av Åshild Irgens)
- Tonje Glimmerdal (2009, illustrert av Åshild Irgens)
- Vaffelhjarte (2005, illustrert av Bo Gaustad)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.