Margretes mor døydde truleg i barselseng, og barnet vart derfor frå fødselen arving til restansane av moras medgift, i samsvar med foreldras ekteskapskontrakt. Bevarte kjelder syner at denne delen av traktaten vart følgd opp så lenge Margrete levde. Etter at morfaren, den skotske kongen Aleksander 3., døydde i mars 1286, var Margrete også næraste arving til Skottlands trone. Den formelle skotske godkjenninga av arveretten trekte noko ut i tid, blant anna fordi ein ville avvente om kong Aleksanders nye dronning var gravid. Seinare skulle denne utsetjinga føre til store erstatningskrav frå Margretes far, kong Eirik Magnusson.
Det eldste kjende vitnemålet om Margretes faktiske posisjon som skotsk dronning er eit pavebrev frå april 1288. Eitt år seinare sende kong Eirik sin første delegasjon til kong Edvard 1. av England for å drøfte Margretes stilling, og straks etter utferda Edvard ein petisjon til paven om dispensasjon for giftarmål mellom Margrete og den engelske tronarvingen Edvard (seinare kong Edvard 2). Slik dispensasjon var nødvendig fordi prins Edvard var søskenbarn til Margretes avlidne mor.
6. november 1289 vart det i Salisbury inngått ein norsk-skotsk-engelsk traktat om godkjenning av Margrete som Skottlands dronning og arving, og kort tid etter kom pavens dispensasjon for hennar engelske ekteskap. Etter Salisbury-avtalen skulle Margrete komme til Skottland innan 1. november 1290, og i mars 1290 godkjende ei skotsk stormannsforsamling at ho gifte seg med prins Edvard. Ekteskapstraktaten vart inngått i Birgham 18. juli same år. Her vart det bestemt at Margrete skulle få inntekter av engelske jordegods som morgongåve, og kong Edvard lova henne 400 pund sterling årleg inntil fylte 15 år.
Det har vore vanleg å rekne med at kong Edvard 1. var sjølve drivkafta for å få i stand det norsk-engelske ekteskapet, og det er rimeleg å sjå hans disposisjonar som del av ein langsiktig politikk for engelsk kontroll med Skottland. Kong Edvard ønskte at Margrete skulle sendast frå Noreg til England, noko verken skottar eller nordmenn aksepterte. Kring månadsskiftet september-oktober 1290 vart så Margrete Eiriksdotter send frå Bergen med kurs for Skottland. Dei fremste i følgjet hennar var biskop Narve av Bergen, baron Tore Håkonsson og Tores kone, Ingebjørg Erlingsdotter.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.