Hope virka frå 19-årsalderen som reisepredikant for Norsk Luthersk Misjonssamband (Kinamisjonsforbundet) og var frå 1931–1936 generalsekretær same stad. Han tilhøyrte den kyrkjekritiske retninga innan lekmannsrørsla på Vestlandet (broderringen), som skilde skarpt mellom «Guds folk», det vil seie dei vekte, og den institusjonelle kyrkja, som «eit stillas me står på for å byggja Kristi kyrkja».
Kyrkja var for Hope ein folkepedagogisk institusjon som skulle leggje grunnen for vekkelsesrørsla. Han avviste tidleg det kyrkjelege embetet og kravde rett for lekmenn til å dele ut nattverden. Frå 1906 stod det skarp strid om dette spørsmålet. Floken blei løyst ved at Stortinget i 1913 gjekk med på kravet om «nattverdens frigivelse», det vil seie rett til privat nattverd innanfor Den norske kyrkja.
Hope skreiv fleire kyrkjepolitiske traktatar: Nadverdspørgsmaalet (1906), Veien (1920), Kyrkja og Guds folk (1923), Framtidslinene i norsk lekmannsarbeid (1928) og Kyrkja og lekmannsarbeidet (1932).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.