Liv Holtskog var ein norsk lyrikar og bonde. Ho skreiv kristen-humanistisk modernistisk poesi med røter i natursansing, telemarkskultur og mytologi. Liv Holtskog voks opp i eit konservativt og haugiansk bondemiljø. Ho lærte bokmål på skulen, men sa at ho måtte lære seg nynorsk for å kunne uttrykkje seg i dikt.
Holtskog var fødd i Gvarv i Telemark. Ho var odelsjente og dreiv i heile sitt vaksne liv garden i Sauherad saman med ektemannen og dyrka frukt og jordbær. Ho debuterte som lyrikar i 1966 med diktsamlinga Kanskje ein. Ved sida av gardsarbeidet var ho ein produktiv lyrikar med nye diktbøker kvart andre eller tredje år.
Dikta hennar har stor musikalitet og er ofte songbare. Dei er brukte i korverk, oratorium og kyrkjeresitasjonar og er fleire gonger oppførte av kor i aulaen i Oslo.
Diktet «Så kort ein sommar menneska har» frå 1979 blei av Dagbladet.no kåra til ein av «Folkets favoritter» ved sida av 100 andre populære og kjære norske dikt.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.