Lepsøya er ei øy i Haram kommune i Møre og Romsdal.
Lepsøya er ei av Nordøyane, ho måler 12,1 kvadratkilometer og har 313 innbyggjarar (2015). Det høgaste punktet er det populære turmålet Goaldet (490 meter over havet).
Det er tett busetnad på strandflata i aust. Øya er knytt til fastlandet over den 800 meter lange Lepsøybrua, som er ein del av Nordøyvegen. Det er og vegsamband med undersjøisk tunell til Haramsøya (Austnes). Ferjesambandet Skjeltne–Austnes–Lepsøya vart lagt ned i 2021 da Lepsøybrua opna. I 2022 opna Nordøyvegen som bind saman alle Nordøyane frå Lepsøya og nordover.
Kommentarar (3)
skreiv johan austnes
svarte Redaksjonen i Store norske leksikon
skreiv Norvald Kjerstad
Jeg har nå skrevet en artikkel om Lepsøybrua. Kanskje du kan lage en link?
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.