Leonhard Næss var nordlending og målmann, teolog og prest, forfattar og bibelomsetjar. Han omsette fleire profetbøker i den første fullstendige bibelutgåva på nynorsk, Fyrebilsbibelen, som kom i 1921.
Leonhard Næss
Faktaboks
Sigholt Didrik Leonhard Næss
- Fødd
- 20. oktober 1855, Beiarn, Nordland
- Død
- 24. april 1940, Ringebu, Oppland (no Innlandet)
Bakgrunn
Sigholt Didrik Leonhard Næss var fødd i Beiarn i Nordlands amt (no Nordland) og døydde i Ringebu i Oppland (no Innlandet). Han tok lærareksamen i Tromsø i 1874 og teologisk embetseksamen i 1885. Før, under og etter studiet arbeidde han som lærar, sist som skulestyrar ved Nordhordland amtsskule. Frå 1891 til 1928 var han kyrkjelydsprest i Bjarkøy, Norddal, Elverum og Vågå.
Omsetjing og forfattarskap
Som teolog var Næss særleg oppteken av hebraisk språk og av eskatologien. Til den første fullstendige bibelutgåva på nynorsk, Fyrebilsbibelen (1921), omsette han Esekiel, Jeremia og Klagesongane. Næss har òg omsett det norrøne kristenkvedet «Lilja». Han skreiv religiøse dikt, historiske og skjønnlitterære tekstar, og han var ein flittig avisdebattant. I 1925 var han med på å vurdere Nynorsk Salmebok som sakkunnig for Kyrkjedepartementet.
Les meir i Store norske leksikon
Litteratur
- Jarle Bondevik: Og ordet vart nynorsk. Soga åt den nynorske bibelen. Bergen 2003
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.