Borgund stavkyrkje frå 1150 er den best bevarte stavkyrkja i Noreg, og besøkssenteret ved stavkyrkja opna i 2005. Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Vindhellavegen, med opptil tolv meter høge steinmurar.
I Lærdalsøyri er det ein stor del eldre og verdifull busetnad, med eit av Noregs best bevarte trehusområde. Lærdalsøyri hadde i eldre tid stor betydning som marknadsplass og kommunikasjonssentrum. Eit større område av Lærdalsøyri, med nær 170 gamle trebygningar, er verna. 18. januar 2014 starta det å brenne i trehusa i Lærdalsøyri. Kraftig vind gjorde at brannen spreidde seg i raskt sentrum og gjorde store øydeleggingar i løpet av natta. 41 bygningar, av desse 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Ingen menneske omkom. Eit freda hus og fleire verneverdige vart totaløydelagd, men dei fleste av dei verna husa vart berga frå flammane. Riksantikvaren kalla likevel brannen ei tragedie for norsk kulturarv.
I sentrum, like ved Lærdalselvi, ligg Norsk Villakssenter, som mellom anna fortel om tradisjonane rundt laksefisket. Godset Frønningen er ein av dei største skogeigedommane i Vestlandet. Godset har bygdetun og kunstgalleri med verk av Knut Rumohr. Mellom Frønningen og Lærdal ligg Bleia-Storebotnen landskapsvernområde som inngår i fjordlandskapsområdet som UNESCO har gitt status som verdsarv.
Jotunheimen Rundt frå 1991 er blant dei lengste sykkelritta i Noreg på 430 kilometer. Rittet går årleg mellom Lærdal–Sogndal via Valdresflya og Sognefjellet. I 2016 sykla 548 deltakarar over dei tre fjellovergangane i rittet.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.