Holuhraun
Bilde frå Landsat 8, september 2014. Lengst ned i bildet (sør) ser ein den nordlege randa av Vatnajökull, Dyngjujökull til venstre og Brúarjökull til høgre. Mellom desse ligg Kverkfjöll. Lengst i nord ser ein vulkanen Askja med det turkisfarga Öskjuvatn. Røyken kjem frå eit spalteforma utbrot i september 2014. Bildet har naturlege fargar.
Av .
Lisens: CC BY NC SA 4.0

Kverkfjöll er ein bredekt kjeglevulkan på Island, på nordsida av Vatnajökull. Det høgste punktet er 1764 meter over havet, men med iskappe når han opp i 1920 meter. Under isen har vulkanen to elliptiske kalderaer som er 8 × 5 kilometer i diameter.

Kverkfjöll høyrer til ei sprekkesone som strekker seg 60 kilometer mot nordaust langs Kverkhnúkar. Det siste utbrotet skjedde under isen i 1968, mens det siste eksplosive utbrotet skjedde i 1929. Varmen frå vulkanen skaper store, ustabile isgrotter og fører smeltevatn til elva Jökulsá á Fjöllum og Dettifoss.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg