Faktaboks

Kjell Magne Bondevik
Fødd
3. september 1947, Molde
Verke
Politikar og teolog
Familie

Foreldre: Rektor Johannes Bondevik (1905–2007) og Margit Hæreid (1905–1976).

Gift 1970 med Bjørg Rasmussen (31.8.1946–), dotter av salsrepresentant Harald Rasmussen (1916–95) og Magnhild Åse (død 1995).

Brorsønn av Kjell Bondevik (1901–1983).

Kjell Magne Bondevik

Kjell Magne Bondevik

Av /NTB Scanpix ※.
Kjell Magne Bondevik
Kjell Magne Bondevik (KrF), leiar av to ulike koalisjonsregjeringar 1997-2000 og 2001-2005.
Av /Nasjonalbiblioteket.
Lisens: CC BY NC ND 4.0

Kjell Magne Bondevik er ein norsk teolog og politikar for Kristeleg Folkeparti (KrF). Han var statsminister frå 1997 til 2000 og frå 2001 til 2005. Bondevik var også kyrkje- og undervisningsminister, utanriksminister og var vald stortingsrepresentant for Møre og Romsdal i 32 år (1973–2005).

Kjell Magne Bondevik var med på å omforme KrF frå ei politisk protestrørsle basert på nokre få enkeltsaker, til eit kristendemokratisk parti med eit totalt samfunnsengasjement og vilje til regjeringsmakt. På 1990-talet arbeidde han aktivt for å frigjere partiet frå dei kulturelle bindingane til bedehuskulturen han sjølv var oppvaksen i, slik at partiet òg kunne vere eit aktuelt alternativ for breiare krinsar i samfunnet. Eit av elementa i denne strategien var at han i 1995 trekte seg som partileiar til fordel for ei yngre kvinne, Valgerd Svarstad Haugland.

Bondevik stilte ikkje til attval som stortingsrepresentant i 2005 og trekte seg frå politikken då regjeringa gjekk av. Han var sidan initiativtakar og dagleg leiar for Oslosenteret for fred og menneskerettar. Bondevik blei utnemnd til storkors av St. Olavs Orden i 2004.

Bakgrunn

Bondevik vaks opp på Rauma kristelege ungdomsskule i Molde, der faren hans var rektor. Dette oppvekstmiljøet gav han ei sterk tilknyting til den kristne lekmannsrørsla. Han fekk dessutan viktige politiske impulsar gjennom onkelen Kjell Bondevik, som var leiar for KrF i 1950- og 1960-åra. Ikkje minst bidrog det sterkt til å tenne den politiske interessa hans at onkelen var kyrkje- og undervisningsminister då Kjell Magne var tenåring.

Kjell Magne Bondevik melde seg inn i KrF i 1965. I 1968 blei han vald til nestformann i Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU), før vart vald inn som formann for dette ungdomspartiet i 1970.

Bondevik hadde likevel ikkje tenkt seg ein politisk karriere. I gymnastida bestemde han seg for å bli prest. Han byrja å studere ved Menighetsfakultetet og fullførte studia 1975, sjølv om han i mellomtida hadde blitt stortingsrepresentant og nestleiar i KrF. Han blei ordinert til prest i Den norske kyrkja i 1980, men har berre hatt korte sommarvikariat som prest.

Bondevik var ein av dei første her i landet som gjekk rett frå å vere ungdomspolitikar til å bli yrkespolitikar, utan ei sivil karriere i mellom.

Tidleg politisk karriere

Som medlem av PR-komiteen i KrF frå 1971 til 1973 vart han lagt merkje til av partileiaren, Lars Korvald. Då Korvald skipa regjering i 1972 vart Bondevik statssekretær ved Statsministerens kontor. Ved stortingsvalet i 1973 vart han også innvald på Stortinget for heimfylket Møre og Romsdal.

Erfaringane frå det eine året då Korvalds sentrumsregjering styrte landet, gjorde at Bondevik bestemde seg for å satse på politikk. Denne tida la òg premissane for mykje av den seinare innsatsen hans.

Intern ideologisk kamp i KrF

Korvald-regjeringa blei av mange oppfatta som realiseringa av den ideologiske plattforma Bondevik hadde vore med på å forme ut som leiar av KrFU. Den politiske tenkinga hans blei i slutten av 1960-åra og byrjinga av 1970-åra påverka av impulsane frå den såkalla sosialetiske vekkinga. Den sosialetiske vekkinga kom med sterke krav om at kyrkja måtte engasjere seg politisk for dei undertrykte og mindre privilegerte i verda, og ikkje berre interessere seg for frelse og den moralske vandelen til den enkelte.

På grunnlag av desse tankane definerte dei unge i KrF ein ny ideologisk plattform som dei meinte verken var borgarleg eller sosialistisk, men var eit sjølvstendig tredje alternativ. Dette førte òg til at dei stilte spørsmålsteikn ved at KrF frå 1963 av hadde plassert seg eintydig i den borgarlege blokka.

Denne nyorienteringa la grunnlaget for ein lang ideologisk og politisk kamp internt i KrF mellom den nye generasjonen som Bondevik representerte, og den eldre generasjonen representert ved partiformannen Kåre Kristiansen. Etter at Bondevik blei valt til nestformann i 1975, gjekk denne konflikten heilt til topps i partiet. Striden mellom fløyene fekk den førebelse konklusjonen sin då Bondevik på landsmøtet 16. april 1983 blei valt til formann etter Kristiansen. Tre år seinare, i 1986, blei Bondevik òg parlamentarisk leiar. Då hadde fløya hans kontroll over partiet, og Kåre Kristiansen var ute av politikken.

Parlamentarisk leiar

Bondevik vart sitjande som KrF-leiar til landsmøtet i 1995, då Valgerd Svarstad Haugland tok over. Mange tolka dette som eit signal om ei politisk karriere på hell, men det viste seg som eit klokt trekk av Bondevik. Stortingsgruppa har alltid vore den sterke i KrF, og som parlamentarisk leiar hadde han det meste av kontrollen likevel. Saman fornya Bondevik og Haugland i stor grad KrF sin profil. Partiet vart meir «moderne» og opna opp for impulsar også frå ikkje-kristne miljø.

Ved valet i 1997 fekk partiet mange stemmer frå miljø utanfor det tradisjonelle veljargrunnlaget. Denne breiare og mindre «mørkemannsprega» profilen spelte avgjort ei rolle for suksessen ved valet i 1997, og var dermed ein direkte årsak til at Bondevik vart statsminister.

Abortsaka

Då Høgre endra standpunkt i abortsaka, som hadde vore sentral for KrF i 1970-åra, vart kampen om forholdet til Høgre hard. Bondevik stod i 1981 bak formuleringa av det såkalla Tønsberg-vedtaket, som sa klart at partiet ikkje kunne sitje i ei regjering som ikkje ville fjerne kvinnas rett til sjølvbestemt abort. I delar av Høgre var det ikkje vilje til å endre lova om sjølvbestemt abort, som vart vedteken i 1978.

Dette vedtaket hindra KrF i å bli med i regjering med parti som var for sjølvbestemt abort. Samstundes hadde KrF lova veljarane sine at partiet ville skaffe ei borgarleg regjering om det vart borgarleg fleirtal ved valet i 1981. Dermed måtte Høgre skipe regjering åleine, men med KrF som støtteparti i Stortinget. Allereie i mai 1983 vart det formulert eit tillegg til Tønsberg-vedtaket, blant anna etter utspel frå Bondevik. Tillegget gav KrF ei opning inn i regjeringa trass i at abortlova ikkje vart endra.

Statsrådpostar

Kyrkje- og undervisningsminister

Bondevik var dermed med på å føre KrF inn i regjeringssamarbeid med Høgre etter at landsmøtet hadde mjuka opp Tønsberg-vedtaket. KrF og Senterpartiet gjekk dermed inn i Kåre Willoch si regjering, der Bondevik blei kyrkje- og undervisningsminister. Hausten 1985 blei han òg utnemnd til avløysaren til statsministeren i regjeringa.

Då regjeringspartia bak Willoch-regjeringa ved valet i 1985 miste fleirtalet og vart avhengig av to stemmer frå Framstegspartiet, sette Bondevik og KrF klare hindringar for alt som kunne minne om samarbeid med Carl I. Hagen. Det medverka nok til at Willoch-regjeringa fall på den saka ho gjorde, men levetida ville truleg ha blitt kort uansett. Seinare har klimaet mellom Bondevik og Hagen betra seg.

Utanriksminister

Etter fallet til Willoch-regjeringa i 1986 var Bondevik både parlamentarisk leiar og formann i KrF. Før valet i 1989 var han sentral etableringa av ei ny samarbeidsregjering, og same haust blei han utanriksminister i Jan P. Syses regjering. Som utanriksminister knytte Bondevik mange internasjonale kontaktar og utvikla eit sterkt engasjement for menneskerettar internasjonalt. Han har framleis det internasjonale engasjementet sitt, mellom anna for demokratirørsla i Myanmar.

Trass i Bondevik sin skepsis til samarbeid med Høgre i yngre år, kom Syse-regjeringa i stor grad i stand på Bondevik sitt initiativ. Det var han som fekk Syse og Johan J. Jacobsen frå Senterpartiet til å setje seg saman for å forhandle om eit felles alternativ til regjeringa sitt langtidsprogram.

Jacobsen og Bondevik samarbeidde svært godt. Dei kom inn i Stortinget samstundes og gjekk lenge under namnet «Vangsgutane» fordi dei framstod så sunne og «sentrumsprektige». Bondevik fekk også eit svært godt og personleg forhold til Syse. Det same gjorde han til Rolf Presthus frå Høgre.

Regjeringa Syse fall hausten 1990 på grunn av usemje om EØS-forhandlingane. Bondevik markerte seg tidleg som ein sterk tilhengjar av EØS, trass i stor skepsis i eige parti. Han kom med avgjerande bidrag til at Stortinget vedtok EØS-avtalen i 1992. EØS-saka førte til sterke spenningar mellom Senterpartiet og KrF, men då dei to partia stod saman i kampen mot EU-medlemskap framfor folkerøystinga i 1994, vart forholdet mellom dei betre. No orienterte Bondevik både seg og partiet tilbake til sentrumsplattforma som han hadde stått for i 1970-åra. Det var ein triumf for denne linja då han blei utnemnd til statsminister for ei regjering av KrF, Senterpartiet og Venstre hausten 1997.

Statsminister (1997–2000)

Kjell Magne Bondevik

.
Lisens: Avgrensa gjenbruk

Bondevik vart statsminister 17. oktober 1997, etter at Thorbjørn Jagland hadde stilt kabinettspørsmål til folket, der Jagland sa at regjeringa hans ville gå av om dei ikkje fekk ei oppslutning på minst 36,9 prosent. Då Jagland ikkje fekk denne oppslutninga, overtok Bondevik som statsminister på vegner av ei ny regjering med KrF, Senterpartiet og Venstre. I valkampen hadde han vore den einaste reelle utfordraren til Jagland om statsministervervet. Profileringa som dette gav partiet førte til det beste valresultatet for KrF nokon gong. Regjeringa, og ikke minst statsministeren, var lenge svært populær i befolkninga.

Støtte frå Høgre og FrP

Truleg er det rett å seie at ei sentrumsregjering på dette tidspunktet berre kunne ha blitt realisert med Bondevik som statsministerkandidat. Etter at Jagland melde Arbeidarpartiet ut av diskusjonen om regjeringsmakt, var det ingen annan enn Bondevik som kunne ha sett seg i statsministerstolen i Stortinget utan at opposisjonsfleirtalet hadde protestert.

Også i Senterpartiet, og særleg hos partileiaren Anne Enger Lahnstein, var statsministerposten ein levande draum. På sett og vis var ei sentrumsregjering Enger Lahnstein sitt prosjekt, men ho såg truleg føre seg ein sterkare parlamentarisk basis enn det som vart resultatet.

Før valet varsla Høgre at partiet ville stemme ned ei sentrumsregjering og særleg ei som var dominert av Senterpartiet. Valutfallet gjorde KrF til den sterke part i regjeringa. I frykt for å øydelegge for eit framtidig samarbeid med KrF og Venstre, våga ikkje Høgre å felle denne regjeringa, slik dei hadde førespegla.

Regjeringa fekk blokkuavhengig kritikk, men i kritiske situasjonar var det Høgre og Framstegspartiet som heldt liv i regjeringa. Dette gav særleg Framstegspartiet større makt over politikken enn tidlegare, og for første gang på svært lenge verka Arbeidarpartiet å vere heller makteslause. Enger Lahnstein sitt ønske om ei blokkuavhengig regjering vart såleis ikkje ein realitet.

Sjukdom

Regjeringa kom opp i vanskar sommaren 1998 då presset mot krona og indre strid om statsbudsjettet prega offentlegheita. Statsminister Bondevik vekte oppsikt over heile verda då han 31. august 1998 valde å sende ut ei pressemelding om at han var sjukmeld på grunn av ein depressiv reaksjon som følgje av den vanskelege situasjonen. Ei slik openheit om ein statsleiar si psykiske helse har ikkje vore vanleg. Bondevik var tilbake i arbeid igjen etter tre og ei halv vekes sjukmelding.

Kabinettspørsmål

Bondevik stilte 9. mars 2000 eit kabinettspørsmål i Stortinget og tapte. I kabinettspørsmålet uttrykte han at regjeringa ville gå av om dei ikkje fekk fleirtal på Stortinget i ei sak om gasskraftverk. Regjeringa meinte at ei endring i forureiningslova, som følgje av eit ønske om utbygging av gasskraftverk, ikkje måtte føre til ei svekking av lova.

Korkje Arbeidarpartiet eller Høgre kunne støtte dette. Bondevik sitt forslag fekk dermed ikkje fleirtal, og Bondevik-regjeringa gjekk av 17. mars 2000. Arbeiderpartiet dannet deretter regjering med Jens Stoltenberg som statsminister, men tapte stortingsvalget året etter og måtte gje frå seg regjeringsmakten.

Det vart ikkje bygd noko nytt gasskraftverk utover dei som var knytte direkte til oljeproduksjonen. Forureiningslova vart heller ikkje endra. Det er liten tvil om at Arbeidarpartiet såg sin sjanse til å ta att regjeringsmakta ved å alliere seg med Høgre i denne saka. Høgre på si side var prinsipielt tilhengar av å bygge gasskraftverk og kunne ikkje anna enn å stemme imot Bondevik sitt framlegg, som i realiteten ville hindre bygging av gasskraftverk i Norge.

Bondevik kritiserte Arbeidarpartiet for å ha røysta mot eit forslag partiet eigentleg var for, og han meinte formålet bak røystinga var å felle regjeringa. Sjølv fekk Bondevik ros frå miljørørsla for å ha sett stillinga si inn på miljøet si side, og det vart spådd at KrF kunne vinne oppslutning på dette nederlaget. Denne spådommen stemte til ein viss grad, og Arbeidarpartiet vart straffa; Både Høgre og KrF gjorde gode val i 2001, medan Arbeidarpartiet gjorde sitt dårlegaste stortingsval sidan 1920-åra.

Statsminister (2001–2005)

Stortingssvalet i 2001 gav borgarleg fleirtal for KrF, Høgre, Venstre og Framstegspartiet, men noko regjeringssamarbeid med Framstegspartiet var framleis uaktuelt. Framstegspartiet aksepterte likevel nokså motvillig at det blei danna ei ny ikkje-sosialistisk regjering med Bondevik som statsminister, og der Høgre var det største partiet og hadde fleirtal i regjeringa. KrF hadde gått til val på vedhaldande sentrumsregjering, og dei nye regjeringspartnarane forhandla seg fram til eit politisk grunnlag som fekk namnet Sem-erklæringa, etter møtestaden Sem gard i Asker. Regjeringa omtalte seg sjølv som «samarbeidsregjeringa».

Til saman hadde regjeringa støtte frå 60 representantar som utgjorde 36 prosent av Stortinget. I stor grad var regjeringa prisgitt støtte frå Framstegspartiet og/eller frå Arbeidarpartiet. Det vart mange kamelar å svelgje og mange nederlag, men regjeringa vart sitjande i heile fireårsperioden fram til stortingsvalet i 2005. Samarbeidsregjeringa tapte valet, og Bondevik gjekk av som statsminister 17. oktober. Han hadde òg sagt nei til renominasjon til Stortinget.

Bondevik sat som statsminister for to mindretalsregjeringar med det svakaste parlamentariske grunnlaget i etterkrigstida. Felles for begge desse regjeringsperiodane er at Stortinget hadde meir makt enn nokon gong tidlegare i etterkrigstida. Etter at Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet skipa fleirtalsregjering etter valet i 2005, forsvann mykje av makta frå Stortinget til regjeringskollegiet.

Etter politikken

I januar 2006 oppretta Bondevik den ikkje-kommersielle stiftinga Oslosenteret for fred og menneskerettar, der han sjølv var leiar fram til 2018, og seinare styreleiar. Bondevik har òg hatt oppdrag frå FNs generalsekretær med å koordinere hjelpearbeidet for den tørkeramma befolkninga på Afrikas Horn.

Politiske verv

Utgjevingar

  • Det tredje alternativet. Kristendemokratisk politikk 'på norsk', 1994
  • Memoarboka Et liv i spenning, 2006

Portrett

  • Kunstneriske portretter

  • Byste (bronse) av Kirsten Kokkin, 2006; Bjørnsonhuset, Molde

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Samling om verdier. Kristelig Folkeparti 1933–83, 1984
  • E. Rimehaug: Midtbanespilleren. Kjell Magne Bondevik og Kristelig Folkeparti, 1997

Faktaboks

Kjell Magne Bondevik

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg