Kent (mannsnamn)
Personar med namnet Kent
Fyrste namneberar
Den fyrste som vart registrert med namnet, var seglskipsførar Jørgen Kent Aasen fødd 1866 i Tvedestrand, busett i Arendal i 1900.
Kjende personar med namnet Kent
Eit utval personar med namnet Kent, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Kent Andersson (1933)
- Kent Nagano (1951)
- Kent Gudmundsen (1978)
Namnestatistikk
I 2022 var det 2 808 menn i Noreg som hadde Kent som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.
Utvikling i bruk av namnet
Dei engelske einstava namna hadde – til liks med Kent – toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet, til dømes Jack, Tom, Frank, Roy, Ken, Jim, Kay, Glenn, Kim, Tim og Chris. Dette står i motsetning til ein god del av dei einstava nordiske namna som hadde toppfasen sin før 1950, til dømes Alf, Karl, Kjell, Leif, Odd, Bjørn, Rolf, Jarl og Svein.
Les meir i Store norske leksikon
UiT Norges arktiske universitet
er ein av institusjonene som står bak Store norske leksikon.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.