Kalvehøgdene er ein langstrekt, vakker tinderygg i Jotunheimen, på grensa mellom Vang og Vågå kommunar i Innlandet fylke, mellom Bygdin i sør og Leirungsdalen i nord.
Her ligg toppane Vestre Kalvehøgde (2208 meter over havet) og Austre Kalvehøgde (2178 meter). Fleire brear omkransar toppane, særleg på nordsida, og størst er Leirungsbrean. Grensa for Jotunheimen nasjonalpark går over Kalvehøgdene.
Dei første som ein veit gjekk til topps på Austre Kalvehøgde, var studentane Balthazar M. Keilhau og Christian P. B. Boeck saman med reinjegeren Ola Urdi sumaren 1820.
Kommentarar (2)
skreiv Svein Askheim
svarte Rune Nedrud
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.