Faktaboks

Johannes Belsheim

Johannes Engebretson Belsheim

Fødd
21. januar 1829, Vang, Valdres
Død
15. juli 1909, Kristiania (Oslo)
Verke
Prest og bibelforskar
Familie

Foreldre: Husmann Engebret Olson (1760–1842) og Marit Johannesdotter Lien (fødd 1783).

Gift 1) 4.9.1863 med Maren Møller Brun (8.8.1829–20.7.1874), dotter til landhandlar Herman Brun og Birgitte Agnete Skabo; 2) med Olov Olsdotter Haugland (21.11.1842–6.2.1900), dotter til bonde og smed Ole Olsen Haugland og Anne Torkelsdotter Haugland; 3) med Marie Hoaas (2.8.1853–1919), dotter til bonde Lauritz Hoaas og Sara Weiseth.

Johannes Belsheim
Johannes Belsheim
Av /Spesialsamlingene ved Universitetet i Bergen (MARCUS).

Johannes Belsheim var ein norsk prest, lærar, forfattar og målmann. Belsheim var ein husmannsgut og skomakarson frå Valdres som gjorde ei dannings- og klassereise og vart heidersmedlem av vitskapsselskapet i Praha. Midt i livet tok han avskil frå eit presteembete for å konsentrere seg om bibelgransking og anna forfattarverksemd.

Belsheim var fødd på den magre husmannsplassen «Kvemishaugen» under ein av Belsheim-gardane i Vang. I ungdomen var han dreng og i mange år lærar før han kom seg inn på studievegen. Han las mykje og byrja tidleg å skrive, særleg om kyrkjehistoriske emne. Etter embetseksamen i 1861 underviste han i Porsgrunn og i Vefsn, til han i 1864 vart den første soknepresten i Sør-Varanger. Frå 1870 var han sokneprest i Bjelland, men etter fem år flytta han til Kristiania og vart buande der som fri forskar og forfattar resten av livet.

Belsheims litterære produksjon var stor og vidfemnande. Vitskapleg nådde han lengst som utgivar av gamle bibelhandskrifter. Men han formidla òg mykje teologisk kunnskap i populær form, og han var ein av svært få kyrkjemenn som argumenterte for venstrepolitikken. I 1880-åra gjorde han mykje av pionerarbeidet med å setje Det nye testamentet om til nynorsk.

Frå husmannsstova til universitetet

Johannes Belsheim voks opp i Vang i Valdres, der faren tente under garden Belsheim. Han var son av ein skomakar, men han vart ikkje ved leisten. Faren nærma seg sytti då Johannes vart fødd, og han døydde då guten var rundt tretten år. Dermed miste dei plassen, og Johannes og mora laut hjelpast med levemåten av folk i bygda. Men lesing vart snart den store lysta hans, og han merkte seg ut som ein gløgg elev.

Etter konfirmasjonen arbeidde han som tenestegut i fleire år, men om han ikkje var nokon særleg hendig arbeidskar, var han både lese- og skrivekyndig. Etter nokre år som gardsdreng vart Belsheim omgangsskulelærar i heimbygda frå hausten 1851. Alt året etter hadde han første stykket sitt på prent, i Den norske Folkeskole, og han prøvde seg også som bokkolportør. Til jul i 1855 tok han lærareksamen etter eit lite halvår som tilhøyrar ved seminaret i Asker. Han fekk skulepost i Grue, og der trefte han ein som lånte han pengar til meir utdanning. Belsheim tok artium i 1858 etter eit år ved Heltbergs «studentfabrikk», og i 1861 tok han teologisk embetseksamen.

Lærar, prest og politikar

Etter ei tid som lærar ved Porsgrunds borgerskole 1862–1863 og lærarskulestyrar i Vefsn 1863–1864 vart Belsheim sokneprest, først i Sør-Varanger og så i Bjelland i Agder. Før han reiste nordover, tok han eksamen i samisk. Kunnskapane i samisk kom til nytte både i prestegjerninga og i vervet som formannsskapsmedlem i Sør-Varanger frå 1866 og som ordførar same staden frå 1868 til 1870.

Kjeldene fortel lite om korleis Belsheim utførte prestetenesta, men dei ber bod om at han vart oppfatta som noko «annleis». Det handla om at han ikkje utan vidare tilpassa seg dei ytre formene som høyrde embetsstanden til, at han forsvarte venstrepolitikken og småkårsfolk sine interesser, og ikkje minst at han var ein meir ihuga lesehest enn prestar flest. Han var meir vitskapsmann enn forkynnar.

Skriftgranskar og målmann

I 1875 tok Belsheim avskil med presteyrket og flytta med huslyden sin til hovudstaden. Den utløysande årsaka var ein konflikt med delar av bygdefolket i Bjelland, men seinare framheva han betre høve til utdanning for borna og eiga lyst til å fordjupe seg i vitskapleg arbeid som hovudgrunnar for oppbrotet.

Den faglege interessa låg mest i kyrkje- og bibelhistorie, men han skreiv òg om Grunnlova og om politikken i samtida. Den mest verdfulle vitskaplege innsatsen var utgivingar av gamle bibelhandskrifter som han fann og skreiv av i utanlandske bibliotek. Det som tok til med tekstkritiske utgåver av Codex aureus (Gullboka, dei fire evangelia i førhieronymiansk omsetjing til latin) i 1878 og av Gigas librorum (Kjempeboka, ei latinsk omsetjing av apostelhistoria) året etter blei til slutt til 15 slike kjeldeskrifter. Han blei godt kjend med fagmiljø og bibliotek i mange europeiske byar og blei utnemnd til heidersmedlem av vitskapsselskapet i Praha. Frå 1880 fekk han fast statsstønad til forskinga og dei litterære arbeida.

Belsheim gjorde mykje for å gjere religiøs lesnad og opplysning meir utbreidd i allmenta. Mest lesen blei Bidrag til Bibelens historie (1864) i fleire utgåver og mange opplag. Når han talte og skreiv om opphavet og truverdet til ulike skrifter i testamenta, var han den ortodokse polemikaren som opponerte mot nyare bibelkritikk. For si tid skreiv Belsheim klart og lett, og han kunne meir enn sin teologi. I 1879 omsette han såleis Om Kristi Efterfølgelse av Thomas à Kempis, to år etter omsette han til nynorsk lystspelet Tartuffe av Jean Baptiste Molière.

Belsheim var tilhengjar av målsaka, og innimellom anna arbeid sette han om forteljingar, skodespel og salmar til nynorsk. Då Det Norske Samlaget tok initiativ til omsetjing av Det nye testamentet, var Belsheim tenkt som hovudmann i prosjektet. I praksis vart det ein storstilt dugnad, der han laga utkasta til dei fleste skriftene, og så vart dei forbetra i eit samarbeid mellom Ivar Aasen, Matias Skard, Elias Blix og Belsheim (1889).

Seinare engasjerte han seg sterkt i så vel salmesong som unionspolitikk og mot Bergensbanen.

Venskapen med Ivar Aasen

Alt første året Belsheim budde i Kristiania, hadde han Aasen hos seg julekvelden. Resten av livet var dei så mykje saman at det ligg nær å kalle dei bestevener. Dei hadde då også mykje sams. Begge hadde vakse opp i enkle kår i «gamaldagse» bygder. Dei hadde større hug til boklege syslar enn til fysisk arbeid, og dei hadde særleg givnad og interesse for språk. Begge hadde nok vanskar med å kjenne seg heilt heime i byen, og iallfall sette dei pris på samværet med kvarandre.

Matias Skard mintest at dei hadde hyggjelege møte då dei arbeidde med bibelomsetjinga i 1880-åra: «… endå Aasen og Belsheim var svære til å fortelja historier så arbeidet stundom vart noko bortheft» (Skard 1972, s. 190). Då Aasen låg på det siste, sat Belsheim ved senga hans. Etterpå ordna han med det som var att og sytte for at eignelutene vart sende til heimegarden i Ørsta. Med bakgrunn i det nære tilhøvet skreiv Belsheim i 1901 den første biografien om Ivar Aasen., Ivar Aasen. En levnetskildring (1901). Den mangeårige vennskapen og den kritiske sansen hans har gjort dette til eit viktig kjeldeskrift.

Familie

Tre gonger var han gift, to gonger blei han enkjemann og fem barn blei han far til; eitt av dei døydde etter 3 veker. Då han skulle omsetje Kempis-boka til nynorsk, gjorde eldste sonen hans, Gissur, det meste. Boka kom ut 1881 under tittelen Um Kristi Etterfylgjing. Året etter drukna Gissur i Oslofjorden, berre 18 år gammal. Dei mange møta med døden kom til å prege Johannes Belsheim, som døydde i 1909 etter eit langt sjukeleie.

Ein minnestein med byste på Vangsneshaugen, Vang i Valdres, blei reist av Valdres historielag.

Utgivelser

  • Bidrag til Bibelens Historie, 1864
  • Om Kristi Efterfølgelse. Fire Bøger af Thomas à Kempis, Paany oversat fra den latinske Grundtext, 1879
  • Om Bibelen, dens Opbevaring, Oversættelse og Udbredelse, 1875 (2. utgåva av boka fra 1864, med fleire seinare opplag)
  • Oversigt over Kirkens Salmesang, 1877
  • Codex aureus sive quatuor evangelia ante Hieronymum latine translata, ..., 1878
  • Die Apostelgeschichte und die Offenbarung Johannis in einer alten lateinischen Übersetzung aus dem «Gigas librorum» ..., 1879
  • Veiledning i Bibelens Historie med udførligere Oplysninger om det Nye Testaments Bøger, 1880
  • Das Evangelium des Matthäus nach dem lateinischen Codex ff Corbeiensis, ..., 1881
  • Das Evangelium des Marcus nach dem griechischen Codex aureus, ..., 1885
  • Codex vercellensis quatuor evangelia ante Hieronymum latine translata, 1894
  • Ivar Aasen. En Levnetsskildring, 1901

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Grepstad, Ottar: biografi i Norsk biografisk leksikon, andre utgåve (NBL2), bind 1, 1999
  • Halvorsen, Jens B. (1885): «Belsheim, Johannes», Norsk forfatter-lexikon, bind 1. Kristiania: Den Norske Forlagsforening
  • Molland, Einar (1979): Norges kirkehistorie i det 19. århundre, bind 2
  • Skard, Sigmund (1972): Det levande ordet. Ei bok om Matias Skard. Oslo: Det Norske Samlaget
  • Stortingsdokument nr. 40, 1879 «Andragende fra Præst Belsheim om Bevilgning af Reiseunderstøttelse»
  • Venås, K. (1996): Då tida var fullkomen
  • Ødegaard, Ole K. (1919 ): «Johannes Belsheim», Tidsskrift for Valdres historielag
  • Ødegaard, Ole K. (1920): «Johannes Belsheim. Minnesoga upptekna taa hono sjøl», Tidsskrift for Valdres historielag

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg