Jesus blir rekna som utgangspunktet for kristendommen, og er den sentrale skikkelsen i denne religionen. Det er liten tvil om at Jesus har levd og er ein historisk person. Han var frå byen Nasaret i Galilea, men vart ifølgje tradisjonen fødd i Betlehem. Dei viktigaste kjeldene til Jesu liv er evangelia, forteljingane om Jesus i Bibelen. Vi veit ikkje kven som har forfatta dei, men dei byggjer på historier og sitat som var overleverte munnleg. Evangelia gir ulike bilete av Jesus og viser dermed at dei første kristne forstod Jesus på mange ulike måtar.
Jesus var jøde og forstod seg sjølv innanfor ramma av jødisk tradisjon. Dei som følgde Jesus, var jødiske kvinner og menn. Jesus-rørsla var ei protest- og fornyingsrørsle innanfor jødedommen. Etter at Jesus hadde vorte korsfesta, heldt tilhengarane hans fram med å spreie læra hans. Dei var overtydde om at Jesus var oppstått frå dei døde. Med utgangspunkt i Jesus-rørsla oppstod gradvis ein ny religion, kristendommen.
I islam er Jesus (Isa) rekna som ein profet, den siste før Muhammed. Han gjorde fleire mirakel og lækte sjuke. I Koranen står det at jødane vende seg mot Jesus og ville krossfeste han. Men Gud kom profeten til hjelp, og ein annan som jødane trudde var Jesus, vart krossfest i staden. Jesus vart teken levande opp til himmelen. Muslimar ser ikkje Jesus som Guds son, men meiner det er noko tilhengjarane hans fann på.
Kristne trur at Jesus er Guds son, som vart menneske for å frelse menneska, og at Jesus er både Gud og menneske. Ifølgje kristendommen kom Jesus med frelse til alle menneske ved å døy på korset. Frelsa byggjer på Guds nåde, det vil seie Guds kjærleik og tilgiving, som gjeld for alle menneske.
Dei sentrale kristne høgtidene er på ulike måtar knytte til Jesus. Jula blir feira til minne om at Jesus vart fødd, ifølgje tradisjonen i ein stall i Betlehem. Kristne trur at Maria, Jesu mor, var jomfru, og at ho hadde vorte med barn ved Den heilage anden.
Påska er den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Den markerer Jesu liding, død og oppstode. Den kristne påskefeiringa er knytt til det som ifølgje evangelia skjedde den siste veka Jesus levde: inntoget hans i Jerusalem på palmesøndag, då folket i Jerusalem helsa han med palmegreiner; skjærtorsdag, då Jesus åt det siste måltidet sitt saman med disiplane og innførte nattverden; langfredag, då han vart korsfesta og døydde; og påskedag, då han stod opp frå dei døde.
Kristi himmelfartsdag er 40. dag etter påske og markerer dagen då Jesus for opp til himmelen. Ifølgje evangelia skal Jesus ha vist seg for tilhengarane sine fleire gonger etter oppstoda, før han vart teken opp til himmelen.
Pinsa er 50. dag etter påske og markerer at Den heilage anden ifølgje evangelia kom til forsamlinga i Jerusalem. Med dette blir kyrkja grunnlagd. Ifølgje kristendommen er den oppståtte Jesus til stades og verksam i kyrkja gjennom Den heilage anden.
Kommentarar (4)
skreiv Terje Berentsen
svarte Hallgeir Elstad
svarte Terje Berentsen
Jeg mener at de to, Josefus og Tahitis burde ha vært nevnt som mulige historiske kilder i denne artikkelen. Men det er du sikkert ikke enig i, siden de, uvisst av hvilken grunn, er utelatt.
svarte Hallgeir Elstad
Takk for attendemelding - Josefus og Tacitus må svært gjerne nemnast. Eg kan arbeide det inn.
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.