Jendine er eit nylaga kvinnenamn (1827). Her kan Jen- gå tilbake til til dømes Jenny, og -dine finst som suffiksvariant i nokre namn, til dømes Jon-dine av Jon.
Med stavemåten Gjendine er det innsjøen Gjende i Jotunheimen som ligg til grunn for namnet, og Gjendine Slålien (1871–1972) var oppkalla etter Gjende. Edvard Grieg vart inspirert av folkemelodiane hennnar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.