Jacob Traasdahl var ein norsk lekpredikant og oppbyggingsforfattar. Han forkynte den «frie nåde» i strid med haugiansk botsforståing, blant anna i Sverige saman med Carl Olof Rosenius, og i Bergen. Frå 1870 og i fleire år var han formann i Bergen Indremisjon. Traasdahl starta og redigerte Fredsbudet, og var med på å skipe Vestlandske Indremisjonsforbund i 1898.
Traasdahl gav ut ei rekkje oppbyggingsbøker. Mest kjend er Aandelige brydninger (1876), som vart prenta i 90 000 eksemplar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.