Ivar Refsdal var ein norsk lærar og kartograf. Som kartteiknar var han nyskapande i måten å framstille karta sine på, der fag og kunstnarleg uttrykk vart vovne i hop på ein pedagogisk velutvikla måte.
Ivar Refsdal var fødd i Vik i Sogn og døydde i Oslo. Han gjekk lærarskulen på Hamar, der han tok eksamen i 1885. Han starta lærargjerninga si i Herand i Ullensvang i 1886, hadde så lærarpostar i Arnafjord og Hisøy, før han reiste til Foss skole i Kristiania i 1901. Han slutta å undervise ved Foss i 1926 – 60 år gamal – for å drive med det han likte og kunne aller best: å teikne kart. Lærargjerninga var ei nyttig erfaring å ta med seg i nybrotsarbeidet med å gi ut pedagogisk tilrettelagde kart og atlas.
Det første kartarbeidet kom alt i 1897, og han teikna frå no av kart over Noreg og Norden, Europa og verdsdelane. Karta vart gitt ut som veggkart eller samla i atlas. Det særmerkte med karta frå Refsdals hand var sjølve teiknemåten, med eit vakkert, kunstnarleg tilsnitt. Måten han skraverte fjell og dalar på, den særmerkte kalligrafiskrivemåten og bruken av fargar gjorde han til ein original, pedagogisk og nyskapande kartteiknar.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.