Inger Bråtveit er forfattar, litteraturvitar, omsetjar, journalist og skrivelærar.
Inger Bråtveit
Faktaboks
- Fødd
- 3. oktober 1978, Bergen, Vestland


Bakgrunn
Inger Bråtveit er fødd i Bergen i Hordaland (no Vestland) og voks opp i Suldal i Rogaland. Ho tok vidaregåande skule i Sauda i 1994–1997, var elev ved Heimly folkehøgskole på Finnsnes i Troms og er utdanna cand.mag. med faga litteraturvitskap, nordisk og teatervitskap frå Universitetet i Bergen. Ho har skrive masteroppgåve i litteraturvitskap om Is-slottet av Tarjei Vesaas. Bråtveit har arbeidd som journalist i Dag og Tid og i Suldalsposten. Ho har seinare undervist på forfattarlinja på Danvik Folkehøgskole i Drammen.
Forfattarskapen
Bråtveit debuterte med romanen Munn mot ein frosen fjord (2002) og fekk mykje merksemd for skrivemåten sin. Romanen Siss og Unn (2008) har dei same namna som hovudpersonane i Is-slottet av Tarjei Vesaas, og det er òg innhaldsmessig samanheng mellom dei to romanane. Språket er naivt, fragmentarisk og enkelt. Historia om sorger og draumar er ikkje samanhengande og kronologisk, og alt er fortalt gjennom tankane til ei lita jente.
I 2009 kom diktsamlinga Loveprosjekt, som ho gav ut saman med svenske Cecilia Hansson. Biletboka Kven er snillast av far og mor? gav ho ut i 2012, og romanen Alice A4 kom i 2015. Her skildrar Bråtveit eit forhold mellom ei ung jente og ein eldre mann frå den unge kvinna sitt perspektiv. Romanen kan òg bli sedd på som ei ny tolking av Alice i Eventyrland.
Utmerkingar og anna engasjement
Bråtveit fekk både Nynorsk litteraturpris og Bergensprisen i 2003 for debutromanen, og ho var nominert til Kritikarprisen med romanen Siss og Unn. I 2009 fekk ho Bjørnsonstipendet og i 2010 Suldal Mållags målpris. Ho var med på arbeidet med den siste omsetjinga av Bibelen til norsk (Bibel 2011). Bråtveit var medredaktør i litteraturskriftet Vagant i 2004–2005 og har vore medlem av styret i Det litterære råd i Den norske Forfatterforening, frå 2015.
Bibliografi
- Dette er også vatn (Roman, Oktober, 2018)
- Alice A4 (Roman, Oktober, 2015)
- Kven er snillast av far og mor? (Barnebok, Flamme, 2012)
- Loveprosjekt (Lyrikk, Oktober, 2009)
- Siss og Unn (Roman, Oktober, 2008)
- Munn mot ein frosen fjord (Roman, Tiden, 2002)
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.