Faktaboks

Hvítá í Borgarfirði
Uttale

kvitao

Land

Island

Lengd
117 km
Nedbørfelt
1685 km2
Kjelde
Langjökull
Munning
Borgarfjörður
Sideelvar

Norðurá, Grímsá

Hraunfossar
Hvítá ved Husafell. Her fell Hraunfossar ut i elva over ei lang strekning.

Hvítá í Borgarfirði er ei elv i det sørvestlege Island. Ho kjem frå Langjökulls vestside, renn vestover og munnar ut i Borgarfjörður.

Hvítá í Borgarfirði er ei av Islands beste lakseelver. Langs elveløpet ligg mange varme kjelder. Ved Húsafell fell underjordiske vassmassar som Hraunfossar frå lavadekket Hallmundarhraun ut i Hvítá over ein kilometerlang strekning. Barnafoss er eit vassfall med ei tragisk segn knytt til seg. Dei største bielvene er Grímsá fra sør og Þverá og Norðurá frå nord.

Namnet kjem av at vatnet er farga av leire som brevatnet fører med seg.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må vere logga inn for å kommentere.

eller registrer deg