Hvítá er ei elv på Sørvest-Island. Ho kjem frå Hvítárvatn på austsida av Langjökull, og tek opp smeltevatn frå austsida av breen. Hvitárvatn ligg i vakre omgivnader på 421 meter over havet, har eit areal på 29,4 kvadratkilometer og er 84 meter på det djupaste.
Etter om lag 40 kilometer fell Hvítá 32 meter ned i det tronge gjelet Hvítárgljufur og dannar fossen Gullfoss.
Middelvassføringa ved Gullfoss er 100 kubikkmeter per sekund, men i flaumperiodar kan vassføringa tidoblast. Nord for Selfoss renn Hvítá saman med Sog som kjem frå Þingvallavatn, og heiter derfrå Ölfusá.
Hvítá har godt laksefiske og er ei av Islands mest populære elver for rafting og kanopadling.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må vere logga inn for å kommentere.