Næringslivet i kommunen er prega av fisk, industri og byggjeverksemd generelt, og steinindustri spesielt.
Av dei 4811 arbeidsplassane (tal frå 2018) i Hustadvika er 6,3 prosent innan primærnæringane (samanlikna med 3,7 prosent i fylket samla sett), medan 19,4 prosent arbeider i bergverk, industri og energi (17,5 prosent i fylket). 10,5 prosent arbeider i byggje- og anleggsbransjen (7,8 prosent i fylket).
Sysselsetjinga innan primærnæringane fordeler seg med 203 i jordbruk og 90 i fiske og havbruk. Jordbruket er prega av husdyrhald og mjølkeproduksjon, og jordbruksarealet blir brukt til slått og beite. Dyrkingsjorda består av moldblanda sand og aur og av myrjord med lett tilgang på kalk som jordforbetringsmiddel. Det to kvadratkilometer store Hustadfeltet blei dyrka opp etter andre verdskrigen i samband med opninga av eit kalk- og marmorbrot.
I tillegg kjem 183 arbeidsplassar innan næringsmiddelindustrien. Tine meieri Elnesvågen produserer kvitost og brunost, og kommunen har òg bedrifter innan mottak og foredling av fisk. Den naturlege hamna i Harøysund er sentral for fiskerinæringa i kommunen.
Innan industrien elles kan ein nemne bedriftene Doosan Infracore Norway, som produserer dumparar, kjøleteknikkbedrifta PTG FrioNordica og Hustadmarmor.
Bergverk basert på førekomstane av kalkstein og marmor og ei vidareforedling av desse i steinhoggeri er eit tradisjonelt handverk i kommunen. Bransjane bergverk og mineralprodukt omfattar 22,5 prosent av industriarbeidsplassane, og særleg i Eide. Mange av husa i den karakteristiske jugendstilen i Ålesund er bygde av marmor frå Eide. Kalkstein og marmor blir no mest brote for sal som jordforbetringsmiddel og til prosessindustriar, medan råsteinen for steinhoggeria i Eide i stor grad blir tilført frå Larvik-traktene (larvikitt), Solør (gabbro) og Østfold-området (granitt). Kommunen har omtrent halvparten av marknaden for tilverka steini Noreg.
Hustadvika har lite vasskraftproduksjon. Kommunen har eitt vasskraftverk, Malmelva (i drift fra 2020), med ein årleg produksjon på 5,43 gigawattimer (gjennomsnitt 1993-2020).
Av dei 6798 yrkesaktive personane i Hustadvika (tal frå 2018) arbeider 57,9 prosent i heimkommunen, 27,2 prosent i Molde og 1,6 prosent i Kristiansund, medan 3,5 prosent jobbar i dei tre nabokommunane Aukra, Averøy og Gjemnes.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.