Husqvarna AB er eit svensk industriselskap som utviklar, produserer og sel hage- og skogverktøy.
Selskapet blei grunnlagt i 1689, og er dimed ein av dei eldste bedriftene i Sverige. I perioden 1977–2006 var selskapet eigd av Electrolux, men er i dag eit eige aksjeselskap. Hovudkontoret ligg i Jönköping, Sverige.
Husqvarna driv no utvikling, produksjon og sal av hage- og skogbruksprodukt som motorsager, grasklipparar, jord- og snøfresarar, mobile sagbruk, med meir. Selskapet eig meir enn 2600 patent. I 2013 hadde Husqvarna ei omsetning på omtrent 54 milliardar svenske kroner og omtrent 14 000 tilsette.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.