Henrik er eit mannsnamn som er nedertysk form av Heinrich som går tilbake til gammalhøgtysk Haimi-rich. Forleddet tyder ‘heim’ og etterleddet ‘mektig; herskar’. Forleddet Hein- i Hein-rich kan også gå tilbake til gammalhøgtysk Hagen- med tydinga ‘inngjerding; hamnehage’.
Henrik (mannsnamn)
Personar med namnet Henrik
Kulturell bruk
- «Henrik og Pernille» (1724) av Ludvig Holberg.
Kjende personar med namnet Henrik
Eit utval personar med namnet Henrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:
- Henrik 4. (tysk konge og tysk-romersk keiser) (1050–1106)
- Henrik 5. (av England) (1387–1422)
- Henrik Sjøfareren (1394–1460)
- Henrik 7. (1457–1509)
- Henrik 8. (1491–1547)
- Henrik Steffens (1773–1845)
- Niels Henrik Abel (1802–1829)
- Henrik Wergeland (1808–1845)
- Henrik Ibsen (1828–1906)
- Henrik Sørensen (1882–1962)
- Henrik Asheim (1983)
- Henrik Ingebrigtsen (1991)
Namnestatistikk
Utvikling i bruk av namnet
Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin i perioden 1860–1874. Nokre av dei fekk ein ny toppfase rundt år 2000. I tillegg til Henrik gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.
Utvikling i bruk av namnet Henrik frå 1800
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Geografisk variasjon på 1800-talet

Henrik var mest brukt i Bergen, Troms og Finnmark.
Geografisk variasjon i bruk av namnet Henrik på 1800-talet.
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Henrik var mest brukt i Bergen, Troms og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Henrich.)
Historisk bruk av namnet Henrik
Av
Gulbrand Alhaug / Erik Bolstad/Store norske leksikon.
Lisens:
CC BY SA 4.0
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.