Faktaboks

Helge Væringsaasen
Fødd
8. oktober 1836, Elverum
Død
23. august 1917, Korsbakken i Elverum, gravlagd på Elverum kirkegård
Verke
Skogeigar, industrimann og mesén
Familie

Foreldre: Gardbrukar og skogeigar Peder Helgeson Væringsaasen (1805–88) og Inger Olsdotter Hummeldalsbækken (1805–63).

Gift 19.8.1870 i Elverum med Berthe Johansdotter Rogstad (12.8.1840–1.8.1908), dotter til gardbrukar Johan Olson Rogstad (1810–85) og Ingeborg Bergersdotter (1814–53).

Helge Væringsaasen

Radering 1892. Bilete frå Norsk biografisk leksikon

Helge Væringsaasen
Av /NTB Scanpix ※.

Helge Væringsaasen var ein norsk skogeigar og legatstiftar. Han hadde sterke nasjonale og kulturelle interesser og nytta den store formuen sin til velgjerande føremål innafor kunst, kultur, skule- og opplysningsarbeid.

Bakgrunn

Væringsaasen var av bondeslekt frå Åmot i Østerdalen. Faren bygde seg opp ein stor formue på skogeigedomar på Austlandet og i Sverige, og var mellom anna med på etableringa av verkstadbedrifta Aadals Brug i Løten, som han etter kvart eigde halvparten av. Han kjøpte garden Bekk i Leiret i Elverum, og der Helge Væringsaasen voks opp som einebarn. I 1850 flytta familien til garden Korsbakken, der Helge seinare vart buande.

Væringsaasen fekk undervisning på ein privatskule driven av kaptein Næser i Elverum. I 1864 var han elev i det første kullet på folkehøgskulen Sagatun på Hamar. Der fekk han interesse for folkeopplysing i grundtvigiansk ånd.

Skogeigar

Væringsaasen arva dei store skogeigedomane frå faren, som han dreiv godt. Han bygde opp formuen og vart medeigar i Folldal Gruver og i det store skog- og trelastforetaket Halla Aktiebolag i Finland. Frå 1888 var han òg medeigar i ein norsk cellulose- og papirfabrikk, Klevfos Cellulosefabrik i Løten.

Samlingar

Sjølv levde han nøkternt og spartansk, og kunne dermed nytte verdiane sine til ideelle føremål. Han var sterkt prega av dei nasjonalromantiske straumdraga i tida og var interessert i språk og kultur, kunst og historie. Det fekk han til å samle gjenstandar frå Østerdalen og andre stader. Han samla også ord og uttrykk frå østerdalsdialekta som han gav til sin gode ven Ivar Aasen.

Væringsaasen var svært glad i kunst og kjøpte både maleri og skulptur. Ikkje minst bygde han opp ei enorm boksamling på over 60 000 band. På Korsbakken let han reise ein stor museumsbygning, Alfarheim, der kunst, bøker og andre gjenstandar fekk plass. I 1942 overdrog arvingane heile museumssamlinga på ca. 2500 gjenstandar til Glomdalsmuseet. Kunstsamlinga hans vart utgangspunkt for Elverum kunstgalleri, seinare deponert på Glomdalsmuseet, der også boksamlinga fekk plass.

Politikar og folkeopplysningsmann

Politisk var Væringsaasen venstremann. Frå 1877 tok han opp att det reine norske flagget utan unionsmerke frå 1821. Nokre år seinare skipa han eit venstrelag for Elverum, og 1884 var han med og stifta Noregs Venstreforeining og vart med i styret under Johan Sverdrups leiing. Han hadde elles ein brei omgangskrets av politikarar som Søren Jaabæk og Ole Anton Qvam og kulturpersonlegdomar som Bjørnstjerne Bjørnson. Forskarar og litteraturinteresserte la han til rette for gjennom boksamlinga si. Væringsaasen etablerte Alfarheim Bokhandel og Forlag i Elverum, der han mellom anna var Sven Morens første forleggjar.

Folkeopplysningstanken meinte Væringsaasen også galdt arbeidarar, og i 1868 fekk han oppretta Alfarheim arbeidarsamfunn. Også økonomisk hadde han omtanke for arbeidsfolk. Som medeigar ved Aadals Brug prøvde han på ei ordning som skulle la arbeidarane få del i utbyttet, noko dei andre eigarane var imot. Ordninga vart difor ikkje ført vidare etter prøveordninga. Alt i 1868 hadde han stifta Alfarheim Besparelsesforening, den første kooperative butikken i Elverum, og i 1876 vart han vald til første formann i Spareforeningenes Samlag i Noreg.

Væringsaasen vart vald til ordførar i Elverum i 1893, men bad seg fritatt etter berre halvannan månad. Han ønskte ikkje å sitje i slike framtredande posisjonar og ville heller ikkje stille opp som stortingskandidat. I 1896 vart han utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden.

På forretningssida inngjekk han i eit familienettverk med to søskenbarn og tre brør av kona, Berthe Rogstad. Hausten 1908 la han ut på ei reise til Palestina med professor Torleiv Hannaas som reisefølgje. Også Sven Moren var ofte med han på reiser innan- og utanlands.

Fond

Sommaren 1917 vart Sven Moren og Lars Eskeland kalla til heimen til Væringsaasen. Etter å ha avhenda eigarinteressene sine i det finske Hallabolaget hadde Væringsaasen skrive eit gåvebrev på ein million kroner til eit fond, Peer Væringsaasens nationalfond, til minne om sin eigen far og son.

Avkastinga av fondet skulle brukast til oppretting av ein folkehøgskule i Elverum, og elles til ulike nasjonale, sosiale, kulturelle og andre ideelle formål. Moren og Eskeland vart innsette som forvaltarar av fondet saman med ein frå Kyrkjedepartementet. Ein månad seinare døydde Væringsaasen. Elverum folkehøgskule stod ferdig i 1928. Utanfor står det i dag ei byste av Væringsaasen.

Utgjevingar

  • Oversigts-Kart over Skogmarkens Ødeleggelser i Elverum i Aarene 1812–1816 og 1902, manuskript, 1902, i Gunnerus-biblioteket, UBT

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Thronæs, Terje: Helge Væringsaasen : østerdalsbonde og verdensborger, 2007
  • Hvem er hvem 1912
  • T. Hannaas: Helge Væringsaasen, serprent av Bygd og by 1916
  • S. H. Finne-Grønn: Elverum, bd. 1–2, 1921
  • L. Eskeland: Bønder, 1925
  • S. Moren: Møte og minne, 1938
  • J. M. Jensen: Norske profiler, Odense 1944
  • Ø. Anker: biografi i Norsk biografisk leksikon 1, bd. 18, 1977

Faktaboks

Helge Væringsaasen
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036411003143

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg