Ein grunntanke i Skjervheims filosofi er at praktiske problem, for eksempel moralske og rettslege, utgjer eit eige område som aldri fullt ut kan hentast inn av teoretiske disiplinar, og at det berre er mogeleg å forhalde seg til dei gjennom omgrep som er særeigne og høvelege for dette området. Det store mistaket i samtidskulturen går ifølgje Skjervheim ut på å oversjå skiljet mellom teoretiske og praktiske problem. Dermed trur ein at det er mogeleg å utvikle teoretiske vitskapar som dekkjer det praktiske feltet slik at ein kan avleie ei teknisk eller instrumentell løysing. Den politiske konsekvensen av dette mistaket er maktovergrep. Skjervheim argumenterer for at positivismen, marxismen og nyliberalistisk reformisme er variantar av dette mistaket. Jamvel om den politiske skilnaden er stor, verkar dei – ifølgje han – destruktivt på same vis.
I slike stykke har han, parallelt med Karl-Otto Apel, Jürgen Habermas og andre, vidareutvikla ei side ved Immanuel Kants filosofi. Eit hovudsynspunkt er at det ikkje er tillate å handsame personar berre som middel, men at dei er mål i seg sjølve. I grunnleggjande tyding dreiar det seg om symmetri mellom personar og respekt for det faktum at vi forstår verda på ulike måtar.
Eit av arbeidsfelta til Skjervheim gjeld det å trekkje grensene for det Paul Ricoeur kallar «mistankens hermeneutikk», altså det å avsløre falskt medvit og skjult ideologi. Skjervheim hevdar at mistankens hermeneutikarar går utanom grunngivingsspørsmålet. Han gir ei mengd døme på dette; somme er innfløkte, andre enkle, men strukturen er den same i alle tilfella.
Prinsippet om sjølvrefererande konsistens er sentralt hos Skjervheim. Føresetnaden for slik konsistens er at vi reflekterer over kva prinsipp vi sjølve er nøydde til å gjere bruk av når vi utarbeider ein teori og set den fram. Det gjeld då å sikre seg mot at utsegner vi kjem med i teorien, inneber noka nekting eller undergraving av desse prinsippa. For gjer dei dét, destruerer teorien seg sjølv.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.